forslag:
Stortinget ber regjeringa
utarbeide ein heilskapleg plan for Forsvaret for å nå målsetjingane
som er nedfelte i FN sin agenda for kvinner, fred og sikkerheit,
lov om likestilling og forbod mot diskriminering samt arbeidsmiljølova.
Planen må inkludere alle operative domene, HR og utdanning, deira
strukturar, prosessar og kultur og innehalde delmål og tidsfristar
for gjennomføring.