Representantforslag om ein visjon om at ingen fiskarar skal omkome på havet i framtida

Dette dokument

  • Representantforslag 86 S (2021–2022)
  • Fra: Olve Grotle, Linda Hofstad Helleland og Lene Westgaard-Halle
  • Sidetall: 2
Søk

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Havet gir og havet tar. Fiskaryrket har i all tid vore eit farleg yrke. Mange lokalsamfunn langs kysten har opplevd forlis og store tragediar, og mange etterlatte har må leve med ei vond uvisse om korleis livet til deira kjære tok slutt.

Kreftene som rår i hav og sjø skapar i seg sjølve risiko for havari, ulykker, skadar og død. Stor innsats for å førebygge ulykker og dødsfall frå fiskarane sjølve har redusert denne risikoen. Det same har stadig meir sjøsikre båtar, tryggleiksutstyr, navigasjonssystem, redningstenester, godt sjømannskap og fokus på tryggleik gjort.

Sjølv om tryggleiken i dag er vesentleg betre enn han var for nokre tiår sidan, er det likevel framleis mange fiskarar som misser livet på havet. I perioden 2009 til 2018 var det i snitt seks yrkesfiskarar som omkom kvart år. Dei siste åra har dødstala gått ned, men dei er framleis høge. I 2021 omkom fire fiskarar, medan det så langt i år har omkome to.

Det er om lag 11 000 yrkesaktive fiskarar i Noreg. Talet på omkomne gjer dermed fiskaryrket til det farlegaste ein har, og særleg gjeld det fiskarar i sjarkar.

Visjon om ingen omkomne fiskarar (nullvisjon)

Ein har fleire nullvisjonar i Noreg, m.a. ein visjon om ingen drepne eller hardt skadde i vegtrafikken og ein nullvisjon for sjølvmord.

Ein nullvisjon føreset eit langsiktig, systematisk og målretta arbeid og bygger gjerne på tre grunnpilarar: etikk, vitskap og at alle aktørar på det aktuelle området tar ansvar. Ein nullvisjon krev òg at ein set det som skjer, inn i ein større samanheng, og ikkje berre har merksemd på den enkelte hendinga og ulykka.

Trass alt arbeid med tryggleiken til fiskarane er fiskaryrket altså framleis det farlegaste som er. Det er utanfor det ein kan slå seg til ro med. Ein må derfor stille spørsmålet om ein ikkje gjer nok, og om det framleis kan henge igjen ein slags aksept for at havet gir og tar.

Tida er derfor nå inne for å tenke nytt, for å klargjere at samfunnet etisk og moralsk ikkje lenger skal godta alle desse yrkesrelaterte dødsfalla, og for å fastsette ein visjon om at det ikkje skal omkome ein einaste fiskar i framtida. Ein slik nullvisjon krev eit langsiktig, systematisk og målretta arbeid av alle aktørar som påverkar tryggleiken til sjøs, og vil gjennomsyre alt ein gjer når ein dei neste tiåra skal vidareutvikle, modernisere og forme dei norske fiskeria.

Fiskeria gir samfunnet enorme, evigvarande verdiar kvart einaste år, både i form av mat og aktivitet langs kysten og i reine pengeinntekter. Berre i 2021 eksporterte Noreg for eksempel torsk for 9,8 mrd. kroner, makrell for 5,9 mrd. kroner, sild for 4,2 mrd. kroner og sei for 2,5 mrd. kroner. Og potensialet for vidare vekst er til òg stades. Skal ein ta vare på og utvikle fiskerinæringa, og skal ein greie å rekruttere nye fiskarar, kan ikkje fiskaryrket vere eit farleg yrke i framtida.

Forslag

På denne bakgrunnen blir det fremma følgande

forslag:

Stortinget ber regjeringa seinast innan utgangen av 2022 kome tilbake med eit framlegg til ein handlingsplan for styrkt tryggleik i fiskaryrket, bygt på ein visjon om at ingen fiskarar skal omkome på havet i framtida (ein nullvisjon).

1. februar 2022

Olve Grotle

Linda Hofstad Helleland

Lene Westgaard-Halle