Representantforslag om å vidareføre tilbodet ved Mork rehabiliteringssenter

Dette dokument

  • Representantforslag 100 S (2022–2023)
  • Fra: Bård Hoksrud, Morten Wold og Frank Edvard Sve
  • Sidetall: 2
Søk

Innhold

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Mork rehabiliteringssenter i Volda kommune har gjennom mange tiår vore eit tilbod for personar i Møre og Romsdal som treng omfattande og spesialisert rehabilitering. Tilbodet vert nytta av pasientar frå heile Møre og Romsdal. 40 prosent av pasientane kjem frå Romsdal og Nordmøre. Institusjonen vert òg tidvis nytta av pasientar frå andre delar av landet. Den største pasientgruppa er personar som har hatt hjerneslag. Også pasientar med traumatisk hjerneskade etter ulukker, fall etc. nyttar seg av tilbodet. Mork rehabiliteringssenter har òg pasientar med nevrologiske sjukdommar som MS og pasientar som har eit komplekst sjukdomsbilde.

Mork er kjent for å ha eit svært godt tilbod om rehabilitering og 40 dyktige tilsette som over tid har bygd seg saman til eit svært kompetent miljø med tverrfagleg samarbeid som fungerer. Til tross for at alle er samde om at Mork har eit svært godt tilbod, har institusjonen med jamne mellomrom vore trua av nedlegging. Seinast i 2019 kom Helse Møre og Romsdal med framlegg om å leggje ned institusjonen. Resultatet var den gongen eit vedtak om å flytte verksemda i tilknyting til Volda sjukehus. Dette er ikkje ei fullgod løysing, då omgjevnadane ved Mork bidreg positivt til rehabiliteringa. Dei tilsette seier òg at dei landlege omgjevnadane gjer mange pasientar meir mottakelege for rehabilitering. Sjølv om ei flytting til Volda vil bety endra omgjevnadar, ville ei flytting dit kunne bidra til at fagmiljøet som er bygd opp på Mork, kunne halde fram, av den grunn at tilbodet framleis ville vorte drive i det same geografiske området.

I desember 2022 kom saka plutseleg opp att, til stor fortviling for tilsette og pasientar. No føreslår Helse Møre og Romsdal, utan dialog med dei tilsette, å leggje ned Mork rehabiliteringssenter, kutte antalet plassar og flytte tilbodet til Ålesund sjukehus. Dette vil rive frå kvarandre det gode fagmiljøet på Mork, då nesten ingen av dei tilsette ynskjer å flytte med til Ålesund, noko som vil gi ei lang og kostbar reise til arbeidet. Det er heller ikkje ført ein god dialog med kommunane, og det er uro for at ei slik flytting vil føre til eit dårlegare spesialisert rehabiliteringstilbod for pasientane i Møre og Romsdal og ei omvelting av kostnadar og oppgåver frå Helse Møre og Romsdal og til pasientane sine heimkommunar. Kommunane har ulike føresetnadar, ressurser og kompetanse til å følgje opp pasientane. Difor kan eit svekt tilbod innan spesialisert rehabilitering kunne føre til ulike tilbod ut frå kvar pasienten er busett.

Dersom Helse Møre og Romsdal sitt framlegg om å leggje ned Mork vert ståande, kjem det spesialiserte rehabiliteringstilbodet for innbyggjarane i Møre og Romsdal til å verte dårlegare. Dette er den faktiske situasjonen, sjølv om leiinga i helseforetaket hevdar at tilbodet til pasientane ikkje vil verte forringa. Forslagsstillarane er usamde i dette.

Det tek tid å byggje opp eit fagmiljø. Ved Ålesund sjukehus må dei tilsetje mange nye fagfolk, og det vil ikkje på kort sikt vere mogleg å få den kvaliteten og det faglege nivået som har vorte bygd opp på Mork over lang tid. Dette vil ta tid.

På Mork har alle pasientar enkeltrom. I Ålesund er planen å tilby nokre pasientar dobbeltrom. Dersom ein har gjennomgått eit hjerneslag, opplever pasienten at det er «kaos i hjernen». Då treng ein ro og trygge, gode omgjevnadar, ikkje ein ukjend «romkamerat». Det er heller ikkje gjort ein grundig analyse av kostnadane ved ombygging av Ålesund sjukehus, men Helse Møre og Romsdal meiner det vil koste 70–75 mill. kroner å setje i stand Mork. Forslagsstillarane har vanskeleg for å sjå at sjukehuskorridorar gjev den same ramma rundt den store innsatsen og arbeidet som pasientane må leggje ned for å trene opp funksjonane sine att, som ein frittståande institusjon i landlege omgjevnadar gjev.

Oslo Economics gjennomførte i 2020 på vegner av Spekter ein analyse av den samfunnsøkonomiske verdien av rehabilitering. Om lag 200 menneske får kvart år moderat eller alvorleg traumatisk hjerneskade, som kan gje vanskar med rørsle, kognitive vanskar, psykiske plage og utfordringar både i arbeidslivet og sosialt. Rehabilitering etter traumatisk hjerneskade er særleg ressurskrevjande, ettersom rehabiliteringa vert utført av eit tverrfagleg team og har lang varigskap. Samstundes gjev spesialisert rehabilitering betre fysisk og psykisk helse, økt livskvalitet og redusert forbruk av andre helsetenester og gjer at pasientane kan returnere til arbeid tidlegare enn kva dei elles ville gjort.

Utrekningane i rapporten syner at sjølv med ein gjennomsnittleg kostnad på heile 500 000 kroner er samfunnsnytta som følgje av at ein unngår anna behandling, helsegevinst og auka deltaking i arbeidslivet større, med eit anslag på 540 000 kroner per pasient. Verdien for samfunnet vil variere avhengig av ressursbruken i tiltaket som vert gjeve, og situasjonen til pasientane. I tillegg til dei prissette verknadane bidreg rehabilitering til auka mestring og sosial deltaking for pasienten og betre livskvalitet for dei pårørande. I dei helseøkonomiske rettleiarane vert helsetenesteperspektivet og ikkje samfunnsperspektivet lagt til grunn. Dette medfører at gevinsten ved økt yrkesdeltaking ikkje vert vektlagd i analysen, og rehabiliteringstiltak som nettopp har som føremål å auke funksjonsnivået og moglegheita for arbeid, vert prioritert ned. Eit kvalitativt forringa tilbod til innbyggjarane i Møre og Romsdal kan føre til at pasientane ikkje greier å nytte potensialet sitt og få den livskvaliteten som er mogleg, noko som igjen kan føre til auka kostnadar totalt sett for samfunnet.

Rapporten frå Oslo Economics peiker på at behovet for rehabilitering truleg vil auke i framtida, både som følgje av ein aukande andel eldre i befolkninga og ved at brukarar av helsetenester stadig får høgare forventningar til tenestetilbodet. I tillegg bidreg betre behandling i akutt- og sjukdomsfasen til at fleire pasientar overlever skade og sjukdom, noko som òg vil auke behovet for rehabilitering. Forslagsstillarane meiner det vert heilt feil å avvikle eit svært godt tilbod på Mork rehabiliteringssenter.

Styret i Helse Møre og Romsdal skal handsame denne saka 1. februar 2023. Forslagsstillarane meiner rehabiliteringstilbodet på Mork må halde fram, og at det er naudsynt at Stortinget grip inn i denne saka.

Forslag

På denne bakgrunnen vert det fremma følgjande

forslag:
  • 1. Stortinget ber regjeringa syrgje for at Mork rehabiliteringssenter i Helse Møre og Romsdal vert vidareført med spesialisert rehabilitering.

  • 2. Stortinget ber regjeringa syrgje for at det vert lagt fram ein fleirårig rehabiliteringsplan for bygningsmassen på Mork, slik at tilbodet kan verte vidareført også på lengre sikt.

19. januar 2023

Sylvi Listhaug

Bård Hoksrud

Morten Wold

Frank Edvard Sve