Representantforslag om styrking og utviding av tilbodet om skulehagar

Dette dokument

  • Representantforslag 282 S (2024–2025)
  • Fra: Alfred Jens Bjørlo, André N. Skjelstad og Abid Raja
  • Sidetall: 2
Søk

Innhold

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Skulehagar, altså å dyrke eigen mat som ein del av skuledagen, har lange tradisjonar her i landet. Allereie i 1909 gav Oslo kommune løyve til å bruke Geitmyra som skulehage for fleire skular i byen. Geitmyra har vore i kontinuerleg drift sidan, og har gitt tusenvis av barn kunnskap, erfaringar og matglede som dei tar med seg vidare i livet. Geitmyra har òg utvikla seg til eit matkultursenter for barn, med filialar fleire stader i landet, som har som mål å nå barn over heile Noreg med matglede og kunnskap.

Prisane på mat har stige, det er knappleik på mat i verda, og det er naudsynt at fleire får kunnskap om og interesse for å dyrke sin eigen mat – med tanke på folkehelse, klima og berekraft. Forslagsstillarane viser til at mat og helse alt er ein del av grunnskulen sitt fagtilbod, der elevane skal stimulerast til å delta i dyrking og hausting av lokale matvarer og til å nytte lokale råvarer i matlaginga. Det er viktig at elevane får oppleve heile prosessen – frå jord til bord.

Forslagsstillarane meiner at fleire skulehagar er eit viktig tiltak for å styrkje interessa for og kunnskapen om matdyrking. I dag er det få kommunar som satsar systematisk på skulehagar, og det finst lite nasjonal støtte eller drahjelp for slike tiltak. Forslagsstillarane viser til at Venstre tidlegare har utfordra kunnskapsministeren på kva som kan gjerast for å få fleire skulehagar, som ein del av arbeidet for å styrkje lokal matproduksjon og auke inntaket av frukt og grønt.

Skulehagar er ikkje berre viktige for fag som mat og helse, dei kan òg vere ein praktisk læringsarena som styrkjer grunnleggande ferdigheiter og fagleg utvikling på fleire område. På skular som Vadmyra i Bergen ser ein at skulehagen blir brukt aktivt i både naturfag, matematikk, norsk og mat og helse. Elevane planlegg kva som skal plantast der det er mest sol, måler og registrerer, og nyttar lesing, skriving, rekning og munnleg kommunikasjon i praktiske og motiverande oppgåver.

Forslagsstillarane meiner det er for få praktiske læringsarenaer i skulen i dag, og at det å etablere og ta i bruk skulehagar er eit lågterskeltiltak som kan gi fleire elevar betre læringsutbytte og større motivasjon.

Regjeringa viser i Meld. St. 34 (2023–2024) En mer praktisk skole – Bedre læring, motivasjon og trivsel på 5.–10. trinn til rentekompensasjonsordninga for vedlikehald av spesialrom og til at mange kommunar ønskjer å etablere skulehagar. Forslagsstillarane er bekymra for at slike tiltak kan bli nedprioriterte i ein kommuneøkonomi med store utfordringar og vedlikehaldsbehov. Det er ikkje berre investeringskostnadane til skulehagen som må takast med i rekninga, men òg at skulane har tilstrekkeleg fagressursar og tid til å følgje opp og bruke skulehagen som læringsarena over tid.

Prosjektet Dyrk framtida – flere skolehager i Norge har sidan 2019 fått støtte frå Sparebankstiftelsen DNB. Dei arbeider med å utvikle læringsressursar, gi rettleiing og hjelpe til med etablering av skulehagar. Målet er 85 nye skulehagar innan 2026, og om lag 4 000 elevar har allereie fått tilgang til skulehagar gjennom prosjektet. Økologisk Norge bidreg med materiell og kurs, medan skulane sjølve må stille med tid og ressursar for at hagen skal fungere over tid.

Forslagsstillarane meiner at staten må ta eit større ansvar for å sikre at fleire elevar får tilgang til skulehagar som ein integrert del av skuledagen. Det bør leggjast betre til rette for nasjonal samordning, fagleg støtte og økonomisk hjelp, slik at fleire kommunar og skular kan realisere ambisjonen om å opprette skulehagar.

Forslag

På denne bakgrunnen blir det fremja følgjande

forslag:

Stortinget ber regjeringa etablere ei tilskotsordning for å stimulere til at det blir etablert fleire skulehagar, med mål om at fleire elevar skal få tilgang til skulehagar som eit alternativt opplæringstilbod på sin skule.

20. juni 2025

Alfred Jens Bjørlo

André N. Skjelstad

Abid Raja