Dette dokument

  • Representantforslag 21 S (2025–2026)
  • Fra: Trond Helleland, Anna Molberg, Mahmoud Farahmand og Anne Kristine Linnestad
Søk

Innhold

Merknader

Midlertidig versjon

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Tilbringartenesta til Oslo lufthamn har vore ein stor suksess. Tilbodet er eit av dei mest nytta og mest populære togtilboda i landet.

Etter innføringa av jernbanereforma har planen vore at tilbringarteneste skal konkurranseutsetjast etter at Flytoget si kontrakt går ut i 2027. I staden valde regjeringa å slå saman Vy og Flytoget, og direktetildele kontrakt for trafikken på Austlandet til VY. Dermed vil den særskilde tilbringartenesta forsvinne.

Flytoget har over mange år jobba seg opp til å bli eit selskap med svært nøgde kundar. Det har vore eit veldrive selskap, som også har drive med innovativ utvikling – til det beste for dei reisande.

Tilliten til norsk jernbane er svært låg. Dei siste åra har norske togkundar opplevd svært mange forseinkingar og kanselleringar. Dette er det mange årsaker til, mellom anna manglande vedlikehald, mangel på materiell og infrastruktur. Likevel er det verdt å merke seg at samtidig som tilliten til norsk jernbane har falle, har Flytoget halde fram med å vere eit svært populært tilbod. Flytoget har den eldste togparken, men har på grunn av godt vedlikehald og god styring vesentleg mindre utfordringar enn dei andre aktørane.

Et stabilt, og forutsigbart togtilbod er svært viktig for å få fleire til å velje kollektivt. Ved ei avvikling av tilbringartenesta, og Flytoget som selskap, er det ei frykt for at fleire vil velje andre transportmiddel til og frå Oslo lufthamn. Samtidig vil tilliten til norsk jernbane falle ytterlegare.

Forslag

På denne bakgrunnen vert det fremja følgande

forslag:
  1. Stortinget ber regjeringa behalde Flytoget som eige, sjølvstendig selskap.

  2. Stortinget ber regjeringa vidareføre tilbringartenesta til Oslo lufthamn også etter 2028.

  3. Stortinget ber regjeringa legge til rette for at Flytoget kan tillate på- og avstiging av passasjerar på strekninga Drammen–Oslo S/Oslo S–Drammen.

23. oktober 2025

Trond Helleland

Anna Molberg

Mahmoud Farahmand

Anne Kristine Linnestad