Bakgrunn
Legemiddel til små barn er ein spesielt sårbar
del av legemiddelmarknaden. Små barn har problem med å svelgje tablettar
og er avhengige av miksturar. Mikstur er ei legemiddelformulering
som er meir komplisert å produsere, transportere og oppbevare. Samtidig
er salet i volum lite, og innteninga for legemiddelindustrien blir svært
avgrensa.
Dette har over dei siste åra ført til at ein
har mista ei rekke legemiddel i eigne barneformuleringar. Denne
utfordringa har vore forsøkt bøtt på, og Direktoratet for medisinske
produkt (DMP) har i nokre tilfelle akseptert høgare pris på produkt
med barneformuleringar. Dette har ført til at ein har fått nokre
nye produkt på den norske marknaden. Samtidig ser ein at prisen
i nokre tilfelle blir så høg at mange legar kvir seg for å skrive
dette ut.
Eit døme er flukloksacillin-mikstur som er tilrådd behandling
til barn mot stafylokokkinfeksjon i hud og blautvev. Ei flaske på
100 ml kostar over 1 000 kroner. Ofte trengst to flasker og rekninga
blir då stor for foreldra. Til samanlikning kan vaksne med same
problematikk bli behandla med dikloksacillin-tablettar der kuren kostar
omlag 240 kroner. Det er altså svært mykje dyrare behandling for
barn enn for vaksne, og barnefamiliar må betale denne prisen. Legar
kan kvi seg for å skrive ut slik medisin av omsyn til legemiddelkostnaden,
og alternativet vil kunne vere å skrive ut billegare, men meir breispektra
antibiotika til små barn. Auka bruk av breispektra antibiotika er
uheldig fordi det kan bidra til auka antibiotikaresistens.
Med dagens regelverk er det berre legemiddel
brukt til behandling av langvarige og kroniske sjukdomar som kan
få førehandsgodkjent refusjon (blåreseptordninga). Det betyr at
ei rekke dyre miksturar til barn som ikkje har kroniske sjukdomar,
ikkje vil kunne finansierast gjennom denne ordninga. Andre land
har løyst dette ved å gjere legemiddelbehandling til barn gratis
eller sterkt subsidiert. I Sverige er flukloksacillin-mikstur skriven
ut til barn under 18 år gratis, mens han er sterkt subsidiert i
Danmark.
Situasjonen i Noreg er krevjande av minst to
grunnar:
Eit hovudmål i Nasjonal én-helse
strategi mot antimikrobiell resistens 2024–2033 er å sikre tilgang
til nødvendige antimikrobielle middel. Smalspektra antibiotika skal vere
førstevalet for behandling av mange bakterielle infeksjonar. Dette
målet må også gjelde for barn, og barneformuleringar av slik antibiotika
må vere tilgjengelege for alle.
Legemiddel til barn er i dag gratis om dei er
lagt inn under blåreseptordninga. Men legemiddel til barn er ikkje
gratis om legemiddelet er skriven ut på kvit resept. Utgifter til
medisin på kvit resept tel heller ikkje med i berekninga for frikortgrensa.
Eit av hovudmåla i legemiddelpolitikken er å
gi likeverdig og rask tilgang til effektive medisinar for alle.
Dette målet må også gjelde for barn. Å sikre barn rett legemiddelbruk
er svært viktig. Difor er dagens situasjon bekymringsfull. Barneformuleringar
må sikrast i marknaden. Foreldra sin økonomi må ikkje vere avgjerande
for om eit barn får den mest optimale medisinen. Svært dyre medisinar
på kvit resept til små barn vil vere i strid med målet om likeverdige
helsetenester til alle, uavhengig av økonomi.
Ein kan rette på situasjonen til dømes ved å
gjere visse typar legemiddelformuleringar (miksturar) gratis. Det
mest føremålstenlege og minst byråkratiske kan vere å gjere alle
legemiddel på resept til barn gratis eller sterkt subsidierte, slik
som i Sverige. Ein kan til dømes starte med å sikre gratis legemiddel
på kvit resept for barn opp til seks år, sidan det i hovudsak er
små barn som treng eigne barneformuleringar (miksturar) og ikkje
klarar å svelgje tablettar.