Tilfluktsrom ved alle norske sjukehus
Verdshelseorganisasjonen melder at det i Ukraina har
vore over 2 000 angrep på helseinstitusjonar i løpet av krigen.
Det viser behovet for tilfluktsrom ved sjukehus, som ein del av
beredskapen.
Forslagsstillarane viser til at regjeringa i
fjor gav alle helseføretak i oppdrag å førebu seg på krig. Då er
det eit paradoks at ingen nye sjukehus i dag blir bygde med tilfluktsrom.
Dei siste åra har blant anna Ahus, Nye Aker sykehus, Rikshospitalet,
Ålesund, Kalnes, Drammen, Stavanger, Kirkenes, Narvik og Hammerfest
fått bygd sjukehus utan tilfluktsrom. I tillegg blir tilfluktsrom
heller ikkje planlagt for på sjukehus under planlegging eller oppføring.
Det gjeld til dømes det nye Mjøssykehuset, nye Oslo universitetssykehus,
nytt behandlingsbygg ved Ahus, nytt sengebygg og strålesenter ved
Sykehuset Telemark HF, nytt stråle- og somatikkbygg ved Sykehuset Østfold
HF Kalnes m.m. Planlegginga av desse byggjeprosjekta er basert på
gjeldande regelverk, og tilfluktsrom er ikkje lagt inn i byggjeplanane.
Låneramma inkluderer heller ikkje bygging av tilfluktsrom.
Ved behandling av Meld. St. 9 (2024–2025) Totalberedskapsmeldingen.
Forberedt på kriser og krig i 2024, blei det vedtatt i Stortinget
å gjeninnføre plikta til å etablere tilfluktsrom. No ventar både
Stortinget og helseføretaka på at regjeringa skal fremje ei ny forskrift
om tilfluktsrom, og slik avklare kva krav som skal stillast til tilfluktsrom
ved sjukehusa og korleis desse skal finansierast.
Planlegging av nye sjukehus i dei ulike helseføretaka
skjer her og no, og det hastar med å få framlagt ei forskrift for
å få avklart nye krav til tilfluktsrom og korleis desse skal finansierast.
Det er også naudsynt å avklare at etablering av tilfluktsrom på
sjukehus vil krevje ei særskilt finansiering, sidan det ikkje er
rom for slike tilleggsfinansieringar innanfor helseføretaka sine
eksisterande budsjettrammer.