Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Frivilligheita utgjer ein grunnmur i norsk samfunns-liv. Tusenvis av lag og foreiningar byggjer fellesskap, kultur, beredskap og tillit. For å halde oppe aktiviteten i lokalsamfunn over heile Noreg er det avgjerande med føreseielege økonomiske rammer.
Momskompensasjonsordninga er den viktigaste generelle støtteordninga for frivillig sektor. Ho gjer at organisasjonar og idrettslag kan bruke midlane sine på aktivitetar, ikkje på avgifter. Etter fleire år med underdekning har ordninga dei siste fire åra vore fullfinansiert – for første gong sidan ho blei etablert. Det er eit historisk løft som har vist kor avgjerande ordninga er for aktiviteten i lag og organisasjonar over heile landet.
Når ordninga no fungerer som føresett, er det neste naturlege steget å regelstyre ho. Regelstyring vil sikre at ordninga ikkje igjen blir prisgitt årlege budsjettprioriteringar, men blir eit fast og føreseieleg verkemiddel på linje med andre kompensasjonsordningar i forvaltninga.
Ei regelstyring vil styrkje føreseielegheita for frivillig sektor, sikre full kompensasjon kvart år, forenkle administrasjonen og redusere byråkrati.
På denne bakgrunnen blir det fremja følgjande
Stortinget ber regjeringa leggje fram forslag om å regelstyre momskompensasjonsordninga for frivillige organisasjonar innan framlegginga av statsbudsjettet for 2027.
|
Maren Grøthe |
Erling Sande |