Bakgrunn
Stortinget vedtok ved behandlinga av Prop. 93
S (2021–2022), jf. Innst. 283 S (2021–2022), grunnlaget for bompengefinansiering
av Nordøyveg-prosjektet på fylkesveg 659 i Møre og Romsdal. Nordøyvegen
er per i dag Noregs dyraste bompengeprosjekt og har ein kostnad
per passering på heile 177 kroner for bil under 3 500 kg, 141 kroner
med rabatt, og 531 kroner for bil over 3 500 kg. Passeringstaket
på 40 passeringar i månaden gjev lokalbefolkninga ei svært høg bompengebelastning.
For nokre familiar er bompengekostnadene samla sett den største
utgifta dei har.
Trass i at Nordøyvegen er ein fylkesveg, og
at fylkeskommunen dermed sit med det overordna ansvaret, har Stortinget
det overordna ansvaret for å sikre eit forsvarleg bompengenivå.
Forslagsstillarane merkar seg likevel at fylkeskommunen er positiv
til å sjå på takstane på nytt.
Nordøyveg-prosjektet har kome dårleg ut fordi
alle andre tilsvarande øysamfunn i landet rett etter opninga av
prosjektet fekk gratis ferjer. Medan tilsvarande øyar fekk gratis
ferjer, fekk Nordøyane Noregs dyraste bompengetakstar.
Det høyrer med til prosjektets historie at dei
fastbuande på desse øyane frå 2014 og framover har forskotsbetalt
bompengar til prosjektet lenge før realisering. Forslagsstillarane
meiner derfor at innbyggjarane på Nordøyane har fått ei svært høg
økonomisk belastning over tid, i motsetnad til andre øysamfunn i
landet.
I samband med dette vegprosjektet vart det gjennomført
ei folkerøysting der befolkninga og næringslivet bortimot samla
godtok ein bompengesats på lik linje med ferjetakst pluss 40 prosent.
Men den kraftige aukinga av bompengesatsane som seinare vart vedteken,
var langt utover det befolkninga faktisk gav si tilslutning til.
Det er særleg passeringstaket på 40 passeringar per månad for lokalbefolkninga
som er altfor høgt, men det er òg naudsynt å finne ei løysing for næringstrafikken.
Forslagsstillarane meiner derfor det raskt må
setjast i verk eit arbeid for å få bomkostnadene reduserte. Regjeringa
må setje seg ned saman med vegeigar og finne løysingar som kan redusere
den samla bompengebelastninga. Eit bompengetak på 20 passeringar
per månad for personbil vil, i lag med ein samla reduksjon i bompengebelastning
for tunge køyretøy, gjere situasjonen for lokalbefolkninga og næringslivet
betydeleg betre. Nordøyveg-prosjektet har eit godt trafikkgrunnlag samanlikna
med prognosane som blei sette før bygging, og ved å senke taket
for passeringar for lokalbefolkninga vil dette kunne gje ein ekstra
trafikkauke for sambandet.