Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Nationaltheatret er ein av dei viktigaste kulturinstitusjonane i landet, og behovet for ei grundig rehabilitering har vore erkjent i fleire tiår. Samstundes har staten dei seinare åra arbeidd med løysingar som både har vist seg kostnadsdrivande og lite gjennomførlege innan rimeleg tid.
I svar på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Erling Sande viser kultur- og likestillingsminister Lubna Boby Jaffery 2. mars 2026 til at ulike former for utbygging ved Nationaltheatret er vurderte, og at grunnforholda i området – særleg knytt til nærliggjande jernbane- og T-banetunnelar – utfordrar moglegheita for bygging mot vest. Statsråden hevdar at dette utgjer vesentlege avgrensingar for utbygging av teateret i denne retninga (Dokument nr. 15:1700 (2025–2026)).
Desse påstandane står likevel i kontrast til det grundige arbeidet som er gjort av arkitektmiljøet bak forslaget «Ny framtid for Nationaltheatret» (LPO Arkitekter v. Lars Haukeland og Alexander Tunby Rosseland). Her blir det nettopp føreslått eit tilbygg mot vest som tek vare på både teateret sine behov, bygningen sine verneverdiar og bystrukturen rundt.
Ei gruppe eldsjeler, støtta mellom anna av ei rekkje tidlegare kulturministrar, støttar LPO-forslaget og stiller seg kritiske til den løysinga regjeringa til no har valt. Det reviderte forslaget frå LPO dokumenterer at eit slikt tilbygg er realistisk, og at prosjektet kan gi teateret fire fullverdige scenar, betre logistikk, nytt ventilasjonsanlegg, moderniserte arbeidsfasilitetar og bevaring av både Amfiscenen og Malersalen.
Forslaget peikar vidare på moglegheita for å utnytte det eksisterande tomtepotensialet på ein stadstilpassa og byreparerande måte. Det blir òg anslått at løysinga kan gi eit ferdig utvida og rehabilitert teater allereie innan 2030, til ein monaleg lågare kostnad enn alternativa som er vurderte.
Statsrådens svar avviser ikkje «Ny framtid»-forslaget direkte, men byggjer i hovudsak på generelle skildringar av utfordringar knytte til grunnforholda. Det blir ikkje vist til nye undersøkingar eller faglege vurderingar som spesifikt drøftar moglegheitene for å gjennomføre den reviderte planen frå LPO-gruppa, eventuelt med justeringar. Argumentasjonen framstår difor dels som overflatisk, og dels som ei vidareføring av vurderingar som blei gjorde før «Ny framtid for Nationaltheatret» la fram si oppdaterte løysing.
Samtidig opplyser initiativtakarane bak «Ny framtid»-forslaget at dei vil setje i gang eit privat planinitiativ, at dei har gått gjennom kvalitetssikringsmaterialet og vil kommentere dette nærare, og dessutan at dei har fått positive tilbakemeldingar. Det er difor grunn til å stille spørsmål ved kvifor regjeringa ikkje har valt å greie ut dette alternativet grundigare, særleg når løysinga:
gir ein raskare tidsplan,
er vesentleg billegare,
bevarer eksisterande scenar,
tek vare på historiske og arkitektoniske kvalitetar,
styrkjer teateret sin langsiktige kapasitet,
unngår ein omfattande og usikker flytteprosess.
Med dette bakteppet kan det synast både kulturpolitisk og samfunnsøkonomisk nødvendig at regjeringa tek ei ny vurderingsrunde av «Ny framtid»-alternativet, basert på eit oppdatert og reelt kunnskapsgrunnlag. Forslagsstillarane minner om at slike utgreiingar og kvalitetssikringsprosessar heile tida må ha som mål å sikre at samfunnet sine interesser blir best mogleg tekne vare på.
Senterparti–Arbeiderparti-regjeringa gjorde eit naudsynt grep i så måte då eit tidlegare forslag om ei ny hovudscene under bakken på Tullinløkka blei skrinlagt av kostnadsomsyn. I staden valde regjeringa ei rimelegare rehabilitering av det eksisterande Nationaltheatret, kombinert med etablering av biscenar. Når det no ligg føre ei skisse til ei samla løysing for Nationaltheatret med utgangspunkt i dagens bygning og det arkitektoniske formspråket til dagens anlegg, verkar ei utgreiing av dette alternativet som ein nøktern og fornuftig veg vidare, ikkje minst med tanke på totalkostnadene.
På denne bakgrunn blir det fremja følgjande
Stortinget ber regjeringa gjennomføre ei ny og grundig vurdering av alternativet «Ny framtid for Nationaltheatret», inkludert moglegheita for justeringar av forslaget, for å avklare om dette alternativet kan gi Nationaltheatret ei rimelegare, raskare og betre løysing enn den regjeringa til no har valt.
|
Erling Sande |
Kjersti Toppe |
Ole Herman Sveian |