Det ble votert over:
Innstilling:
Komiteens tilråding romertall II.
Fullmakt til å inngå avtale og pådra staten forpliktingar for Langskip (fangst og lagring av CO2)Stortinget samtykker i at Energidepartementet kan inngå revidert avtale med Hafslund Celsio under føresetnad av tilstrekkeleg eigenfinansiering eller finansiering frå andre kjelder og at avtalen er i tråd med prinsippa som er omtalte nærmare under kap. 1850 CO2-handtering, post 72 Langskip – fangst og lagring av CO2, der statens maksimale støtte kan utgjere inntil:
-
a. 2 000 mill. 2024-kroner i investeringar (CAPEX). Energidepartementet får fullmakt til å pris- og valutajustere investeringstilskotet i åra som kjem.
-
b. 900 mill. 2024-kroner i eit oppstartstilskot som blir utbetalt når fangstprosjektet er sett i drift. Energidepartementet får fullmakt til å prisjustere oppstartstilskotet i åra som kjem og renteberekne den delen av investeringstilskotet som er gjort om til oppstartstilskot. Av oppstartstilskotet blir inntil 350 mill. 2024-kroner trappa ned for kvar dag som ferdigstillinga av fangstprosjektet blir forseinka frå og med 1. oktober 2029. Nedtrappinga er 0,5 mill. kroner per dag til og med 31. mars 2030 og 1 mill. kroner per dag frå og med 1. april 2030.
-
c. 1 500 mill. 2024-kroner i driftsutgifter (OPEX) i inntil ti år frå driftsoppstart. Energidepartementet får fullmakt til å pris- og straumprisjustere driftstilskotet i åra som kjem.
Det blir gitt tilleggsstøtte for fanga CO2 som ikkje er kvotepliktig, tilsvarande kvoteprisen per tonn CO2 fråtrekt forbrenningsavgifta, i ti år frå driftsoppstart.
-