Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Gå til voteringsoversikten

Det ble votert over:

Innstilling:

  • Komiteens tilråding

    om endringar i lov om språk (språklova)

    I

    I lov 21. mai 2021 nr. 42 om språk skal desse endringane gjerast:

    § 3 andre ledd skal lyde:

    Reglane i §§ 12 til 18 gjeld ikkje for

    • a. kommunane

    • b. sjølvstendige rettssubjekt der kommunar og fylkeskommunar har ein slik eigardel eller rett til å velje medlemmer i det øvste organet i rettssubjektet som nemnt i første ledd første punktum bokstav c og d

    • c. interkommunale samarbeid etter kommuneloven kapittel 18 og 19 som ikkje er eigne rettssubjekt, og som har ein eller fleire fylkeskommunar som deltakarar

    • d. Stortinget, Riksrevisjonen, Sivilombodet og andre organ for Stortinget

    • e. intern sakshandsaming.

    § 3 tredje ledd blir oppheva. Noverande fjerde og femte ledd blir tredje og fjerde ledd.

    § 13 fjerde ledd skal lyde:

    Sentrale statsorgan skal i dokument som er retta mot eit regionalt statsorgan, nytte fleirtalsspråket i tenestekrinsen til det regionale statsorganet.

    § 13 noverande fjerde ledd blir nytt femte ledd.

    § 16 andre ledd skal lyde:

    Statsorgan skal krevje at tilsette skal skrive både bokmål og nynorsk i arbeidet. Fylkeskommunar kan krevje det same. Dette gjeld likevel ikkje for tilsette som ikkje har gjennomført sidemålsopplæring i grunnopplæringa.

    § 17 skal lyde:
    § 17 Klagerett

    Er det bruka feil skriftspråk i eit dokument som nemnt i § 14 andre ledd, kan mottakaren eller organisasjonar på vegner av mottakaren klage og krevje at dokumentet blir utferda på nytt. Forvaltningsloven §§ 28 til 35 gjeld for saker etter første punktum.

    II

    Lova tek til å gjelde 1. juli 2025.

Gå til voteringsoversikten
: