Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Gå til voteringsoversikten

Det ble votert over:

Mindretallsforslag:

  • Forslag nr. 4 fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Raudt, Miljøpartiet Dei Grøne

    Stortinget ber regjeringa fremje forslag om å lovfeste tilgang til varig vern av matjord, og at dyrka mark får eit langt sterkare lovvern enn i dag, med nasjonal forrang i arealforvaltninga.

  • Forslag nr. 5 fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Raudt, Miljøpartiet Dei Grøne

    Stortinget ber regjeringa utarbeide og iverksette ein nasjonal tilbakeføringsplan, i dialog med kommunane, med mål om at dyrka mark som i dag er avsett til utbyggingsformål, tilbakeførast til LNF-R (landbruks-, natur-, frilufts- og reindriftsområde).

  • Forslag nr. 6 fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Raudt, Miljøpartiet Dei Grøne

    Stortinget ber regjeringa innføre forbod mot opsjonsavtalar for kjøp av matjord til framtidig bruksendring til bustad, industri eller handel, då slike avtalar undergrev lokaldemokratiet og jordvernet.

  • Forslag nr. 7 fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Raudt, Miljøpartiet Dei Grøne

    Stortinget ber regjeringa sikre at jordvernomsyn skal avklarast tidleg og vere overordna i alle samferdselsprosjekt, og at alternative trasear utan nedbygging av matjord alltid må dokumenterast og vurderast før planvedtak vert fatta.

  • Forslag nr. 8 fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Raudt, Miljøpartiet Dei Grøne

    Stortinget ber regjeringa sørge for at årleg tilbakeføring til LNF-R skal overstige nedbygging.

  • Forslag nr. 9 fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Raudt, Miljøpartiet Dei Grøne

    Stortinget ber regjeringa sørge for at det vert nydyrka minst like mykje jord som det vert omdisponert, og at staten bidreg med økonomiske verkemiddel til drenering, tilbakeføring og klimatilpassing av jordbruksareal for å redusere klimaskadar.

  • Forslag nr. 10 fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Raudt, Miljøpartiet Dei Grøne

    Stortinget ber regjeringen sette et mål om at statlige samferdselsprosjekter og andre statlige utbyggingsformål ikke skal føre til tap av dyrka mark.

Gå til voteringsoversikten
: