Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
om endringar i krisesenterlova (tydeleggjering av det kommunale ansvaret og grunnlag for behandling av personopplysningar m.m.)
I
I lov 19. juni 2009 nr. 44 om kommunale krisesentertilbod blir det gjort følgjande endringar:
Tilbodet skal omfatte følgjande:
a. eit krisesenter eller eit tilsvarande gratis, heilårs, heildøgns, trygt og mellombels butilbod
b. eit gratis dagtilbod
c. eit heilårs og heildøgns tilbod der personar nemnde i første ledd kan få råd og rettleiing per telefon
d. oppfølging i reetableringsfasen i samarbeid med andre delar av tenesteapparatet, jf. § 4.
Tilbodet skal gi brukarane støtte, rettleiing og hjelp til å ta kontakt med andre delar av tenesteapparatet.
Noverande § 2 tredje til sjette ledd blir fjerde til nytt sjuande ledd.
Kommunen skal sørgje for at tilbodet så langt råd er blir lagt til rette slik at det kjem dei individuelle behova til brukarane i møte. Er tilrettelegging ikkje mogleg, skal kommunen sørgje for likeverdige alternative krisesentertilbod for brukarar som ikkje kan nytte det vanlege tilbodet ved krisesenteret.
Dei særskilde rettane til samiske brukarar skal vare-takast i krisesentertilbodet.
Noverande § 3 andre og tredje ledd blir tredje og nytt fjerde ledd.
Organ som utfører oppgåver etter denne lova, kan behandle personopplysningar, også personopplysningar som nemnde i personvernforordningen artikkel 9 og 10, når det er nødvendig for å utføre oppgåver etter lova. Det same gjeld private som utfører oppgåver etter denne lova.
Brukarar av krisesentertilbodet kan reservere seg mot vidarebehandling av opplysningar til bruk i til dømes statistikk, analysar og forsking.
Departementet kan gi nærmare reglar i forskrift om behandling av personopplysningar, mellom anna om formålet med behandlinga, behandlaransvar, kva for personopplysningar som kan behandlast, utlevering, registerføring, tilgang til register og høvet til vidarebehandling.
Organ som utfører oppgåver etter denne lova, kan utan hinder av teieplikt innhente opplysningar frå Folkeregisteret som er nødvendige for å utføre oppgåver etter denne lova.
II
Lova gjeld frå den tida Kongen bestemmer. Kongen kan setje i kraft dei einskilde føresegnene til forskjellig tid.
Departementet kan gi overgangsreglar.