Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Stortinget ber regjeringa fremme ein eigen handlingsplan for å styrke legevakttenesta i heile landet, og greie ut løysingar for legevakt som tar omsyn til fastlegen si arbeidsbelastning både på kontoret og på legevakt.
Stortinget ber regjeringa legge fram tiltak som styrker ambulanseberedskapen, som hindrar sentralisering, og som særleg opprettheld ambulanseberedskapen der det er lange avstandar til sjukehus.
Stortinget ber regjeringa etablere eit system kor ansvarleg departement for statlege nødetatar må betale vertskommunen dersom det kommunale brannvesenet må gjere den jobben som ambulanse eller politi skulle ha utført.
Stortinget ber regjeringa innføre følgjeteneste for gravide med over 1 times reiseveg til fødestaden.
Stortinget ber regjeringa fremme forslag om lovfesta krav til felles akuttmedisinske planar mellom sjukehus og kommunar.