Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Stortinget ber regjeringa styrka tilskotsordninga for freds- og nedrustingsorganisasjonar i Noreg i framlegg til statsbudsjett for 2026, og gjera denne meir føreseieleg og langsiktig for organisasjonane.
Stortinget ber regjeringa sørga for at sivil forsking på fred og sikkerheit får auka finansiering og stabile rammevilkår, inkludert at forskingsinstitutt som forskar på fred og sikkerheit, får auka grunnløyvingar.
Stortinget ber regjeringa føreslå eit forbod mot handel og anna næringsverksemd som bidrar til å oppretthalda Israels ulovlege okkupasjon og nærvær i Palestina.
Stortinget ber regjeringa koma tilbake til Stortinget med forslag til reviderte etiske retningslinjer for oljefondet som set ein stoppar for fondets investeringar i selskap som sel våpen til land som bryt FN-pakta og/eller krigens folkerett.
Stortinget ber regjeringa auka Noregs kapasitet til å straffeforfølga brotsverk mot menneskeslekta.
Stortinget ber regjeringa fremja forslag om å styrka det norske bidraget til Den internasjonale straffedomstolen (ICC) med finansielle og menneskelege ressursar i statsbudsjettet for 2026.
Stortinget ber regjeringa greia ut konsekvensane av ei norsk tilslutning til Traktaten om forbod mot kjernevåpen og vurdera korleis Noreg kan fremja traktaten innan det handlingsrommet som Noregs NATO-medlemskap og tryggingspolitiske forpliktingar gir.