Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
om endringer i privatskolelova (økt folkevalgt innflytelse mv.)
I
I lov 4. juli 2003 nr. 84 om private skolar med rett til statstilskot gjøres følgende endringer:
Departementet skal leggje vesentleg vekt på fråsegna til vertskommunen eller vertsfylket. Godkjende skolar har rett til statstilskot etter § 6-1 og til å drive verksemd etter lova.
Departementet fastset i forskrift kor stor del av dei driftsutgiftene som kjem inn under tilskotsgrunnlaget, skolane får i statstilskot til godkjend opplæring. Tilskotet blir rekna ut frå ein normalsats. Føresetnaden er at elevane får undervisning som minst tilsvarar eit halvt skoleår. Departementet kan gi forskrift om dokumentasjon for og rapportering av elevtal. Departementet kan gi forskrift om korleis skolane skal dokumentere at krava i første ledd er oppfylte, og om skolane si plikt til å godtgjere at innkjøp og leige er gjort på grunnlag av marknadsvilkår.
Skolane kan krevje skolepengar. Styret fastset storleiken på skolepengane. Departementet fastset i forskrift kor stor del av tilskotsgrunnlaget etter tredje ledd som skolepengane maksimalt kan utgjere. I tillegg til dei ordinære skolepengane kan skolane krevje eit beløp fastsett av departementet for dekning av utgifter til husleige eller kapitalkostnader. Departementet kan i særskilde tilfelle fastsetje tidsavgrensa unntak frå kravet.
Departementet kan gi forskrift om meldeplikt ved sal, fusjon, fisjon og nedlegging av private skolar.
Statsforvaltaren fører tilsyn med at kommunane og fylkeskommunane oppfyller dei pliktene dei er pålagde i eller i medhald av §§ 3-3, 3-5, 3-6, 3-7, 3-8 og 3-10. Reglane i kommuneloven kapittel 30 gjeld for denne tilsynsverksemda.
II
Loven gjelder fra den tiden Kongen bestemmer.