Interpellasjon fra Erling Folkvord (RV) til nærings- og handelsministeren

Interpellasjon nr. 43 (1996-97)
Om eigar- og ansvarsforholda m.v. i "Scandivavian Star"-saka
Datert: 07.04.1997
Besvart: 30.04.1997 av nærings- og handelsminister Grete Knudsen

Erling Folkvord (RV)

Spørsmål

Erling Folkvord (RV): I sju år har norske styresmakter konsekvent omtala Scandinavian Star som eit danskeigd skip. Dei etterlatne - som for fleirtalets del er norske - har ikkje fått hjelp frå Regjeringa når dei har lagt fram opplysningar om andre eigarar enn dei som vart dømt i dansk rett. Skipsregisteret i Bahamas viser at det berykta amerikanske selskapet Sea Escape var eigar på ulykkestidspunktet og at danske Niels-Erik Lund var registrert som managing owner, dvs. «disponerende reder». Omfattande materiale frå Støttegruppa har vori tilgjengeleg for styresmaktene i over eitt år, men det er Bergens Tidende som no presenterer heilt nye opplysningar om ansvarsforholda bak Scandinavian Star.
Kva gjer Regjeringa no for at alle sider ved Scandinavian Star-saka - både for dei etterlatne og andre involverte - kan bli avslutta på ein måte som er korrekt ut frå dei faktiske eigar- og ansvarsforholda på ulykkesdagen?