Interpellasjon fra Reidar Sandal (A) til kommunal- og regionalministeren

Interpellasjon nr. 10 (2002-2003)
Om at turistkommunar ikkje får kompensasjon for at dei i periodar overtek ansvaret for helse- og omsorgshjelp til personar som mellombels oppheld seg i kommunen
Oversendt regjeringen: 17.02.2003
Besvart: 10.04.2003 av kommunal- og regionalminister Erna Solberg

Reidar Sandal (A)

Spørsmål

Reidar Sandal (A): I fleire kommunar er det vanleg at talet på innbyggjarar blir mangedobla i turistsesongen. Personar som er på ferie i desse kommunane, har krav på helse- og omsorgshjelp på linje med fastbuande. Dei kommunale utgiftene aukar som følgje av dette. I dei aktuelle kommunane finst det store utfordringar knytt til å skaffe kvalifisert personale for å løyse omsorgsoppgåvene også for turistane. Etter gjeldande ordning får turistkommunane ingen kompensasjon for at dei i periodar overtek omsorgsansvaret for personar som mellombels oppheld seg i kommunen. Det finst mange eksempel på at turistane sitt behov for tenester kjem i konflikt med tilsvarande behov for fastbuande.
Kva vil statsråden gjere for å rette opp dette misforholdet?

Les hele debatten