Stortinget - Møte torsdag den 10. april 2003 kl. 10

Dato: 10.04.2003

Sak nr. 4

Interpellasjon fra representanten Reidar Sandal til kommunal- og regionalministeren:
"I fleire kommunar er det vanleg at talet på innbyggjarar blir mangedobla i turistsesongen. Personar som er på ferie i desse kommunane, har krav på helse- og omsorgshjelp på linje med fastbuande. Dei kommunale utgiftene aukar som følgje av dette. I dei aktuelle kommunane finst det store utfordringar knytt til å skaffe kvalifisert personale for å løyse omsorgsoppgåvene også for turistane. Etter gjeldande ordning får turistkommunane ingen kompensasjon for at dei i periodar overtek omsorgsansvaret for personar som mellombels oppheld seg i kommunen. Det finst mange eksempel på at turistane sitt behov for tenester kjem i konflikt med tilsvarande behov for fastbuande.
Kva vil statsråden gjere for å rette opp dette misforholdet?"

Talere

Reidar Sandal (A): Eg har meldt ein interpellasjon til kommunal- og regionalministeren om ei utfordring som turistkommunane slit med. Det er altså slik at ressursane til helse- og omsorgshjelp normalt er for knappe i kommunane våre. Situasjonen blir klart forverra i turistkommunane når dei same ressursane skal fordelast ikkje berre på eigne innbyggjarar, men også på personar som mellombels held til i kommunane.

Problema som vi her snakkar om, finst mange stader. Eg har høyrt folkevalde i mange kommunar argumentere sakleg og sterkt for at det må finnast ein veg ut av det uføret som turistkommunane er oppe i. Som eksempel nemner eg: Gol, Tjøme, Trysil, Kragerø og Hvaler. Felles for desse kommunane er at folketalet blir mangedobla i turistsesongen. Utfordringane for helse- og sosialomsorga blir tilsvarande forsterka. Men lista stansar ikkje med desse. Mange andre kommunar i ulike delar av landet møter same kvardagen som dei folkevalde i dei fem nemnde kommunane har teke opp.

Lov om helsetenester og lov om sosiale tenester gir sterke pålegg til kommunane. Dei har faktisk plikt til å gi helsehjelp til innbyggjarane i kommunen. Den same plikta har ein også overfor personar som mellombels oppheld seg i ein kommune. Det er altså her vi finn grunnlaget for den kommunale plikta, og det er i dei nemnde dokumenta fastbuande og turistar finn rettane sine til helse- og omsorgshjelp. Vi kan derfor slå fast at pliktene for kommunane er sterke. Handlingsrommet er lite.

Omfanget av det problemet som no blir debattert, er veksande. Etterspørselen veks. Det ytrar seg på følgjande måte: Hotella er dei seinare åra blitt langt meir bevisste på å leggje forholda betre til rette for funksjonshemma enn det som har vore tilfellet tidlegare. Hotellkapasiteten er auka vesentleg i mange av områda. Marknadsføringa er forsterka som ein konsekvens av dette. Den kommunale omsorgstenesta merkar at behovet for tenester for tilreisande er i klar vekst, særleg der hotellkapasiteten er styrkt.

Personar som bur på hytter eller i feriehus, spør i stadig større grad etter heimesjukepleie og helsetenester. Talet på potensielle brukarar er stort. I Tjøme kommune f.eks. er det ca. 4 500 fastbuande. I sommarmånadene aukar folketalet til 20 000–30 000 innbyggjarar. I Hvaler kommune er situasjonen endå meir krevjande. Det er 3 600 innbyggjarar i kommunen. I feriemånadene veks folketalet til 30 000. Talet på innbyggjarar blir altså meir enn åttedobla. Når vi i tillegg veit at Hvaler kommune har folket fordelt på mange øyar utan fastlandssamband, blir utfordringane endå meir krevjande enn om innbyggjarane var plasserte i nokre få senter. Dette fører til at kommunen må syte for spesialtransport til fritidsbustadene for det personellet som skal yte helse- eller omsorgshjelp til turistane.

Mange hytter og feriehus har fått høg standard. Det gjer det enklare enn før å bli buande over lengre tid i turistkommunen. Ferietida blir utvida for mange. I 2002 var det på Hvaler fleire mottakarar av pleie- og omsorgstenester som oppheldt seg i feriebustadene sine frå tidleg i mai til langt ut på hausten. Tendensen er den same også andre stader. I Gol kommune er utviklinga heilt parallell med den utviklinga vi kjenner frå Hvaler.

Ein stor del av hyttene ligg langt frå kommunesentra. Når personar som oppheld seg i hyttene, skal motta helse- og omsorgstenester, går det mykje tid til reise for dei kommunalt tilsette. Frå Gol blir det rapportert om reisetid på inntil 45 minutt kvar veg.

I den seinare tida har nokre kommunar møtt ei ny utfordring som er ressurskrevjande. Pensjonistar blir i stadig større grad buande på hyttene sine. Dermed har behovet meldt seg for terminalpleie, dvs. pleie ved avslutning av livet.

Det er ingen original observasjon at økonomien i kommunane er dårleg. Det finst talrike og sterke rapportar om det. Kommunenes Sentralforbund har nyleg slått fast at økonomien i kommunane i 2003 er verre enn det han har vore nokon gong i etterkrigstida. Kvardagen i turistkommunane er nok ikkje lysare enn det vi finn elles i landet. Eg er kjend med at fleire av dei kommunane som eg har vist til tidlegare i innlegget mitt, har ein svært dårleg økonomi.

Ressursane strekkjer knapt nok til for å stette dei helse- og omsorgsbehova som dei fastbuande har. I helgane er personelldekninga minimal. Samtidig er etterspørselen frå turistane størst i helgane og i feriane. Økonomien tillèt lite bruk av vikarar og overtid.

I Tjøme kommune blir det signalisert at ein må seie opp personell i pleie- og omsorgssektoren. På grunn av sviktande økonomi må kommunen gjere det sjølv om bemanninga allereie er låg. I tillegg kjem dei problema som følgjer med store og ikkje planlagde utgifter til tenester som turistane gjer krav på. Utgiftene på dette feltet er til dels sterkt stigande i enkelte kommunar.

Kommunane slit med å skaffe kvalifisert personell som kan ta på seg dei oppgåvene som følgjer med helse- og omsorgsbehovet til turistane. Dette behovet er klart sterkast i ei tid med lite personell på grunn av ferieavvikling. Det blir i mange tilfelle meldt om at det fører til slitasje på dei tilsette. Problema er veksande.

Helsearbeidarar peiker på faglege og etiske problem som dei står overfor. Det gjeld samansette helse- og omsorgsbehov. Isolert sett er dette positive utfordringar, uttalar ein tilsett i helsesektoren i ein kommune. Men med manglande ressursar blir prioriteringa svært vanskeleg. Det springande punktet blir gjerne: Skal kommunen prioritere tilreisande framfor fastbuande i kommunen? Etter gjeldande lovverk skal det ikkje vere mogleg å velje bort behovet som ei av gruppene har. Kvardagen i turistkommunane gjer det nødvendig å gå på akkord med idealet, blir det sagt frå leiinga og dei tilsette i kommunal helse- og omsorgsteneste.

Ein tenesteleiar i ein av dei største turistkommunane uttrykkjer det slik: «Tilreisende er bevisste og ressurssterke med tanke på hvilke rettigheter de har, og hva de kan kreve. Vi ønsker å bidra til at de som oppholder seg i kommunen, har et kvalitativt godt omsorgstilbud.» Mangel på ressursar gjer dette umogleg. Det blir konflikt mellom brukargrupper.

I fleire av kommunane som har mangedobling av folketalet i ferietida, er det mangel på kvalifiserte sjukepleiarar. I Gol kommune f.eks. er det offentleg godkjende sjukepleiarar i berre halvparten av sjukepleiarstillingane. Dette fører til vesentlege vanskar med å skaffe den kompetansen som er nødvendig for å løyse dei samansette utfordringane som finst innanfor helse- og omsorgstenestene.

Denne interpellasjonen viser at vi har å gjere med eit problem som turistkommunane ikkje greier å løyse åleine. Kommunane blir pålagde oppgåver som dei må finne løysingar på. Vi har å gjere med tenester til personar som mellombels oppheld seg i kommunen. Dei tilreisande har rett til å få utført tenestene i turistkommunane. Dette fører til store økonomiske utgifter for dei aktuelle kommunane, utgifter som i stor grad går ut over tilbodet som dei same kommunane skal gi til sine eigne innbyggjarar. Spørsmålet mitt til kommunal- og regionalministeren blir derfor: Kva vil statsråden gjere for å rette opp dette misforholdet?

Statsråd Erna Solberg: Representanten Sandal tar i denne interpellasjonen opp forhold som også berører Sosialdepartementet og Helsedepartementet. Jeg har samordnet mitt svar med de øvrige departementene når det gjelder den delen som er deres ansvarsområder.

Både sosialtjenesteloven og kommunehelsetjenesteloven bygger på prinsippet om at oppholdskommunen har ansvar for å gi nødvendig hjelp. Dette er den eneste ansvarsregelen som kan avverge at personer som søker hjelp, blir avvist. Spørsmålet knyttet til refusjonsordninger ble grundig drøftet i forbindelse med innføringen av sosialtjenesteloven i 1991. Erfaringene fra sosialomsorgsloven, som ble erstattet av sosialtjenesteloven, viste at det den gangen var ønskelig å gå bort fra systemet med refusjon for sosiale tjenester. Videre var det uheldig at sosiale tjenester ble omfattet av refusjon, mens kommunehelsetjenesteloven allerede i flere år hadde bygd på prinsippet om at oppholdskommunen har ansvar for å gi og betale for nødvendig hjelp. Refusjonsansvaret gjelder i dag kun for opphold i institusjon eller bolig med heldøgns omsorgstjeneste, jf. unntaket fra bestemmelsen om oppholdskommunens ansvar i sosialtjenesteloven § 10-1 annet ledd.

Etter det tidligere systemet var det ikke sjelden at to kommuner hadde problemer med å bli enige om forhold som har betydning for den enkelte hjelptrengende. Det kunne føre til at personer som søkte hjelp, ble kasteball mellom kommunene. Hvilke utgifter skulle omfattes av refusjon fra en kommune til en annen, og hva er et tilfredsstillende tjenestetilbud? Kommuner som måtte betale refusjon, hadde interesse av å holde utgiftene nede, mens kommuner som ytte tjenester ikke hadde tilsvarende motiver for å begrense utgiftsnivået. Endelig skal jeg legge til at et slikt refusjonssystem er meget ressurskrevende, det fører med seg mye administrativt arbeid for kommunene.

Det er i prinsippet ingen forskjell mellom kommuner med mange fritidseiendommer, hvor kommunen yter tjenester til personer som har bostedsadresse i andre kommuner, og kommuner som av andre grunner yter tjenester til ikke-fastboende, f.eks. kommuner som har mange studenter. Dersom man skulle gi kommuner med fritidsboliger grunnlag for refusjon, ville det være vanskelig ikke å måtte utvide grunnlaget for refusjon til også andre situasjoner. Både Sosialdepartementet og Helsedepartementet mener derfor at det ikke er ønskelig å gjøre unntak fra prinsippet om at oppholdskommunen har ansvar for både å gi nødvendig hjelp og å dekke utgiftene.

Alternativt kan man tenke seg å ta hensyn til dette på andre måter, f.eks. gjennom inntektssystemet. Inntektssystemet tar utgangspunkt i antall registrerte innbyggere, basert på Statistisk sentralbyrås årlige, oppdaterte tall. Det vil neppe være mulig for inntektssystemet, slik det ser ut i dag, å ta hensyn til at noen kommuner i kortere perioder av året har sterk vekst i antall personer som oppholder seg der. Inntektssystemet følger i dag prinsippet om at de som registreres – altså innbyggerkriteriene – er fastboende, og dermed folkeregistrert i kommunen pr. 31. desember det enkelte år.

La meg også nevne at kommuner som har mange fritidsboliger, kan ta problemstillingen om økonomisk belastning med i innspill til fylkesmannen forut for tildelingen ved skjønn over Kommunal- og regionaldepartementets budsjett. I departementets retningslinjer for fylkesmennenes fordeling av skjønnsmidler er dette forhold som riktignok ikke nå er nevnt spesielt, men jeg mener at det kan være grunn til å se nærmere på dette ved revideringen av retningslinjene senere i år.

Selv om jeg har forståelse for at kommuner med et særlig stort antall fritidsboliger får noe økte utgifter, foregår tjenesteytingen normalt over en kort periode. Samtidig legger turister igjen betydelige summer i form av forbruk, og det skapes en del sesongarbeidsplasser. Det har betydning for kommunenes skatteinntekter.

Jeg mener likevel det kan være grunn til å vurdere nærmere om det faktisk er en større økonomisk byrde knyttet til kommuner med et stort antall fritidsboliger.

Jeg har som intensjon å nedsette et nytt inntektssystemutvalg, slik at man i 2006–2007 kan ta stilling til eventuelle endringer i inntektssystemet. En viktig side av et slikt utvalgsarbeid vil være å se på om kriterier/vekter i inntektssystemet er i overensstemmelse med sammensetningen av kommunenes utgifter. I en slik gjennomgang er det etter min mening naturlig at den faktiske utgiftsøkningen fritidshusbeboere har for kommunene, også blir vurdert, og om det er av en størrelsestype som gjør det naturlig å trekke det inn i kriteriesystemet, eller om det er den type utgifter som bør håndteres gjennom fokusering på skjønnsmidler.

La meg til slutt få understreke at det blir flere og flere nordmenn med mye fritid. Flere spreke eldre og lavere faktisk pensjonsalder bidrar til dette. Større mobilitet og flere mennesker som i praksis har to hjem, betyr at vi er nødt til å sikre oss en fleksibel offentlig sektor i fremtiden. Som politikere mener jeg at vi skal ha mennesket i sentrum, ikke kommunegrenser eller forvaltningsgrenser. Jeg er derfor innstilt på å lete etter gode grenseoverskridende ordninger der det trengs. Dette området er jeg innstilt på at vi bør se nærmere på i arbeidet med utviklingen av inntektssystemet i årene fremover.

Reidar Sandal (A): Eg takkar statsråden for svaret.

Eg konstaterer at det blir gitt opning for å sjå nærare på saka på følgjande område: Statsråden gir uttrykk for det synet at Regjeringa vil vurdere om desse turistkommunane reelt sett har meirutgifter på grunn av det høge innbyggjartalet som dei har i turistsesongane. Det er positivt at statsråden opnar for det. Eg trur ikkje at det er ei komplisert vurdering, og eg er heller ikkje i tvil om kva som vil bli konklusjonen på den vurderinga.

For det andre seier statsråden at ho vil la det spørsmålet som er teke opp i interpellasjonen, bli vurdert i samband med den gjennomgangen og vurderinga som ho legg opp til for inntektssystemet. Det er isolert sett òg positivt. Men det utgreiingsarbeidet kjem til å ta veldig lang tid. Eg er, med respekt å melde, meir utolmodig enn å vente i årevis på å kome fram til ei ordning som er til beste både for dei som er fastbuande, og dei som er turistar i desse kommunane. Og det gjeld å finne ei ordning som gjer at den ubalansen som vi her har å gjere med, ikkje lever vidare i lang tid framover.

Eg vil understreke følgjande hovudstolpar: Rettane som brukarane har, både dei fastbuande og dei som er turistar, må stå ved lag. Turistkommunane må få økonomiske vilkår som gjer dei i stand til å ta imot personar som mellombels oppheld seg i kommunen, utan at dette tilbodet rammar dei fastbuande. Eg vil òg understreke at det må vere mogleg å finne ei statleg ordning for dette som dekkjer meirkostnadene som turistkommunane har, utan at vi, som no, kjem i den situasjonen at vi lagar unødvendige vanskar for dei på grunn av forhold som dei ikkje har kontroll over.

Statsråd Erna Solberg: Jeg forstår at representanten er utålmodig. Samtidig må jeg si at hvis man skal gjøre endringer i forhold til det kommunale inntektssystemet, så tar det tid. Jeg har også mange ganger i mitt liv gjerne ønsket at endringer skulle ta kortere tid. Jeg minner om Rattsø-omleggingen, som tar ti år å gjennomføre fullt og helt. Det er derfor viktig at vi også gjør grunnarbeidet på forhånd godt. Jeg har påpekt to veier å gjøre dette på. Den kortsiktige veien er å sørge for at dette er et av de temaene som fylkesmannen vurderer i forbindelse med tildeling av skjønnsmidler. Det er retningslinjer som gis hvert år i tilknytning til det som er den raskeste veien, og som også gjør det mulig å vurdere om kostnadene kan dokumenteres å ha en slik størrelsesorden at det skal ha betydning for tildeling, at det reelt sett har betydning for de valgene som gjøres. Det er jo forskjell på turistkommuner i Norge. Det sa også interpellanten i sitt innlegg. Han viste til bl.a. Hvaler, som har enormt mange som bor der i sesongene, mens det er andre som har mindre. Derfor bør alle de som oppfatter seg for å være et turiststed, ikke ha urealistiske krav/forventninger i forhold til hvilken kompensasjon de eventuelt skal få inn i et system. Så den langsiktige veien er å vurdere om dette fortsatt skal være et tema som bør vurderes innenfor skjønnsmidler, eller om det er et tema som bør vurderes innenfor inntektssystemet som sådant. Her har man altså tid til å gjøre en grundig analyse av hvor store disse utgiftene er, og i hvilken måte man bør innpasse det.

Jeg er, som jeg også sa i mitt innlegg, av den oppfatning at vi må organisere offentlig sektor slik at folk ikke opplever at grenser, forvaltningsnivåer eller ansvar blir det største problemet for å få de tjenestene de ønsker, og skal ha. Det er mange måter å gjøre dette på. Jeg har nylig vært i Danmark og sett på en ordning de nå har, med lovpålagte brukervalg innenfor omsorgstjenesten i eldreomsorgen, altså det som ikke er institusjonsbasert. Det vil jo også innenfor en sånn modell være enklere å lage til enkeltvise løsninger hvor man kunne ta med seg sin lokale sjekk eller sitt lokale tilskudd til den andre kommunen, for da var det innenfor et etablert system. Det finnes mange interessante utvekslingsmuligheter når vi ser på hvordan offentlig sektor skal utvikles i fremtiden, og som kanskje hadde gjort det mulig å få et fleksibelt omsorgstilbud. Jeg tror vi kommer til å trenge det, for når jeg ser utviklingen i vårt samfunn med hensyn til eldre, når jeg ser generasjons- og alderssammensetningen, så vil den lange tiden etter at man har gått av fra aktivt arbeid, nok bety at flere og flere med den fritiden de har, kan komme til å belaste andre kommuner for utgiftene på grunn av bl.a. hytte, fritid eller andre reiseobjekter.

Signe Øye (A): Statsråden er positiv og åpen for å finne løsninger, og det er bra.

Østfold er et feriefylke. Det er ikke rart, det er et ferieparadis på mange måter. Svaberg, sol, sjø og hytter preger kysten fra Drøbak til svenskegrensen. Det er mange fritidsboliger også langs de to vassdragene som går gjennom fylket, og rundt de store innsjøene. Befolkningen i mange kommuner blir mangedoblet i sommerhalvåret. En av disse kommunene er Hvaler, og jeg vil bruke den kommunen som et eksempel på at å være en feriekommune ikke bare har positive sider. Det er etter hvert blitt et stort problem, spesielt i forhold til krav om pleie og omsorg når folk er på hyttene sine.

Hvaler har 833 øyer, 3 500 innbyggere og hele 5 000 fritidsboliger. Mange av hyttene er på øyene. Kommunen har et budsjett på 140 mill. kr, og overføringene fra staten er blant de laveste i landet. Med andre ord: Hvaler er en fattig kommune. Med 5 000 hytter er Hvaler om sommeren på størrelse med en middels stor norsk by, interpellanten påpekte at det da var 30 000 innbyggere der. Det har konsekvenser for dimensjonen i forhold til tjenester, alt fra renovasjon, veg, brann, plan- og bygningssaker, administrasjon, og ikke minst gjelder det helse- og sosialtjenestene. Det er disse som øker mest, og det må nødvendigvis gå ut over de fastboende i kommunen.

Dette er rettigheter som hytteeierne krever, og får. Men denne rettighetslovgivningen avspeiles ikke i inntektene til kommunen, verken når det gjelder tilskuddskriteriene, skattefordelingen eller refusjonsordningene.

Kommunen merker nå at kravene til hjemmehjelp, hjemmesykepleie og omsorg øker, og ligger der som en udetonert bombe. Det kreves pleie og omsorg også på «den ydderste, nøgne ø», der båt er eneste alternativet for å komme fram, og der det ofte ikke engang finnes en skikkelig kai å legge til. Kommunen har også ansvaret for de ansatte, som må komme trygt fram i all slags vær. Det koster penger.

Så langt har kommunen akseptert at dette har vært kommunens ansvar. Men etter hvert har rettighetslovgivningen gitt kommunen et problem som den har store vanskeligheter med å takle, og som sannsynligvis må løses nasjonalt.

Derfor er det positivt at statsråden vil se nærmere på saken i forbindelse med en ny gjennomgang av inntektssystemet. Men i mellomtiden vil dette være et stort problem, og det må kunne finnes en midlertidig statlig ordning som i hvert fall kan ta noe av brodden av det misforholdet som er mellom overføringer og oppholdskommunens ansvar for sine innbyggere.

Hans Kristian Hogsnes (H): Det er en interessant problemstilling representanten Reidar Sandal reiser i sin interpellasjon i Stortinget i dag. Velstandsutviklingen gjør det mulig for stadig flere å bruke tid på å reise og over kortere eller lengre tid oppholde seg i andre kommuner enn der de til daglig er bosatt. Samtidig har en stadig lavere pensjonsalder bidratt til at mange kan bruke sine fritidseiendommer mer enn tidligere, noe som også stimuleres av en stadig høyere standard og komfort på fritidseiendommene. Flere kommuner som har mye turisttrafikk, kanskje spesielt på hytter, melder nå om at de opplever en utvikling som krever mer av kommunale tilbud, og at dette behovet lett kan komme i konflikt med servicetilbudene som gis til kommunens faste innbyggere.

På mine kanter av landet, hvor en stor andel av turisttrafikken er det vi kan kalle baseturisme, altså der gjestene bor på sine hytter over lengre tid, begynner dette å bli merkbart, både i Larvik-, Sandefjord- og Tønsberg-området. Befolkningen i Tjøme kommune, som allerede er nevnt, vokser f.eks. fra 4 500 mennesker til rundt 30 000 noen hektiske sommeruker. Også flere av hyttekommunene i Hallingdal og kommuner som Hvaler og Kragerø melder om at denne utviklingen nå er merkbar.

Fritidseiendommene brukes nå en stadig større del av året, gjerne kombinert med en eiendom i utlandet vinterstid. Dermed blir mønsteret for bruken av eiendommene annerledes enn før. Folk oppholder seg rett og slett på sine fritidseiendommer over lengre perioder enn tidligere. Dette aktualiserer behovet for en mer grundig gjennomgang av situasjonen for å finne frem til et system som kan håndtere dette på en bedre måte for vertskommunene i årene som kommer.

Selv vil jeg advare mot at man etablerer eller videreutvikler tunge, byråkratiske refusjonssystemer, systemer som krever mye administrasjons- og kontrollkapasitet. Derimot ligger det godt til rette for at man ved den kommende gjennomgangen av det kommunale inntektssystemet, som statsråden nettopp annonserte, ser nærmere på denne utviklingen og vurderer mulige endringer i systemet for kommunale skatter og avgifter, som sammen med den bebudede endringen i selskapsskatten gjør at man bedre vil kunne fange opp dette fenomenet. Det vil gjøre det mer interessant for hyttekommuner og andre store reiselivskommuner å utvikle denne næringsgrenen videre. Dessuten vil også et slikt system representere en større trygghet for gjester i en kommune, når de vet at de oppholder seg i en kommune som også har økonomisk evne til å etablere nødvendige tilbud og beredskap for bedre å møte de hjelpe- og servicebehov som kan oppstå. Dette vil utvilsomt være et viktig incitament for å styrke Norge som turistmål, både for norske og utenlandske gjester.

Men kanskje aller viktigst er det å skape rammebetingelser som gjør det mulig for norske kommuner å satse på reiseliv og hyttebygging. Det vil også være god distriktspolitikk.

Per Sandberg (FrP): For å følge opp representanten Øye satte jeg meg ned for å prøve å finne en perle i Nord-Trøndelag som jeg kunne omtale på samme måte. Men så kom jeg til den konklusjonen at denne salen jo har vernet og fredet hele Nord-Trøndelag, så problemet er ikke til stede.

Det er klart at interpellanten peker på et vesentlig problem, som er sterkt stigende. Det er klart at hvis vi ikke gjør noe med dagens inntektssystem for kommunene, og hvis vi ikke gjør noe med sosialtjenesteloven og refusjonssystemet, blir dette problemet til slutt så omfattende at vi kanskje ikke greier å hanskes med det. Det blir veldig komplisert hvis vi skal forholde oss til og kanskje bruke dagens inntektssystem for å møte dette problemet. Det tror jeg blir helt umulig.

Derfor er det interessant at statsråden i dag trekker fram et eksempel fra Danmark, om lovpålagte brukervalg. Jeg tenker tilbake på spørretimen i går, der statsråden på en måte latterliggjorde mitt spørsmål om vi kanskje skulle gå i retning av å prøve å innordne oss i forhold til mer brukervennlige systemer, der midlene og ressursene følger brukeren i større grad. Jeg håper at statsråden vil studere systemet i Danmark ytterligere, når det nå skal settes ned et utvalg som skal se på et nytt inntektssystem.

For å finne løsningen på dette og for å møte hensynet til framtidens brukere, der kravene vil bli større og større – og flere har pekt på mobiliteten i befolkningen – er det klart at vi må ha en større fleksibel offentlig forvaltning i forhold til den type tjenesteytelser. Da vil jeg bare i korte trekk peke på alternative løsninger. Representanten Hogsnes var faktisk inne på, uten at han utdypet det noe ytterligere, dette med rammevilkårene for kommunene. For å tilrettelegge for kommuner som har stor turisme, er det selvfølgelig slik at vi blir nødt til å gå i retning av at kommunene i større grad kan styre dette selv, bl.a. gjennom en fri skattøre. Når vi nå skal se på bedriftsbeskatningen, ser jeg også for meg at vi i større og større grad gir kommunene en mulighet til å få tilbake den type skatt. Men det er klart at det er ikke helt riktig det statsråden peker på, at det i kommunene skapes store inntekter med dagens system i forhold til turismen, for staten stikker av med det meste i forhold til kobling mellom ramme og skatt. Så incentivet til kommunene ved at de får beholde større deler av de skatteinntektene som kommer gjennom turismen, vil være fordelaktig, slik at de kan tilrettelegge for ytterligere ytelser og styrking av de ytelsene som ligger innenfor de områdene som interpellanten peker på.

Ivar Østberg (KrF): Når kommunalkomiteen drar ut på reiser, er det for å besøke alle de vestnorske, sørnorske og østnorske fylker, for å kjenne hele landet. Vi treffer mange representanter fra turistkommunene, ikke minst i sommerferiefylkene langs Oslofjorden, på Sørlandet og på Vestlandet. Vi treffer representanter fra kommuner som har fjellturisme og påsketurisme, og vi treffer representanter fra kommuner rundt storbyene som opplever at når man trenger fritid og avslapning, drar man til nabokommuner og etablerer seg der.

Som interpellanten har påpekt, møter vi alltid ett problem – ja, egentlig blir vi presentert for to problemområder, for det første det som interpellanten har pekt på, tilbudet om helse- og omsorgstjenester. Mange eldre bor lenge på hytter og oppholder seg lenge i sin fritidskommune. Det andre problemet vi blir gjort oppmerksom på, og som blir tatt opp, er tilrettelegging av infrastruktur, enten det dreier seg om vei, vann, kloakk, renovasjon eller branntjenester, som også har vært nevnt tidligere i debatten.

I boken «Kommune-Norge – bedre enn sitt rykte» av Bjarne Jensen, utgitt på Kommuneforlaget, påpekes det at behov og etterspørsel etter tjenester kommunesektoren yter, særlige helse- og sosialtjenester, utvikler seg slik at det nærmest er en naturlov at med et høyere inntektsnivå i samfunnet og den utviklingen vi har hatt i alderssammensetningen, vil en større del av ressursene måtte kanaliseres til sektoren. Jensen sier:

«Da er det helt essensielt at kommunens inntektsgrunnlag utvikles slik at den har økonomisk grunnlag for å gjøre den jobben den er satt til.»

Statsråd Solberg åpnet for å se på problemet, både i forbindelse med revisjon av inntektssystemet og i form av skjønnsmidler. I mange av de kommunene som vi besøker, påpekes det at dagens lovverk angående eiendomsbeskatningen er utgått på dato. Når man ser på dette, vil det da også være en tanke å ta fram Zimmer-utvalgets innstilling og gjøre eiendomsskattelovgivningen mer i pakt med dagens lovgivning. Dette er et kommunalt inntektspotensial.

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Representanten Sandal set i dag fokus på ei utfordring som fleire kommunar har peikt på i samband med kommunalkomiteen sine fylkesbesøk. Senterpartiet deler interpellanten si understreking av at det å yta nødvendige helse- og omsorgstenester til langtidsturistar er ei oppgåve som har vorte monaleg vanskeleggjord når kommuneøkonomien er så dramatisk stram som i 2003.

Retten til helse- og omsorgstenester, som ligg nedfelt både i kommunehelsetenestelova og i lova om sosiale tenester, må etter vårt syn oppretthaldast. Vi meiner at dei departementa det gjeld, må innta ei open haldning til å bidra med løysingar når statsråden no signaliserer ein gjennomgang. Vi synest 2006–2007 er eit altfor langt perspektiv når vurderingar som dette skal gjerast. Vi kjenner nok likevel ei uro i forhold til statsråden si påpeiking av skjønnsmidlar som ei løysing. Lat meg understreka: Det kan det sjølvsagt vera på kort sikt. Men det må innebera eit tillegg i forhold til dagens skjønnsramme, slik at ein ikkje no kan risikera ytterlegare konkurranse om knappe midlar også der. Det er nok å visa til den sigeren som enkelte parti syntest det var å få inn 50 mill. kr meir i skjønnsmidlar når det gjaldt ressurskrevjande brukarar. Vi veit kor utilstrekkeleg det var. Og då kan vi ikkje leggja opp til ytterlegare konkurranse.

Så er det her peikt på moglegheiter for kommunane til å skaffa eigne inntekter. Det er jo slik at typiske hyttekommunar har eit monaleg ansvar i forhold til tekniske tenester. På det området har dei moglegheit til å ta seg betaling fullt ut. Senterpartiet har varsla at vi er for at delar av selskapsskatten vert tilbakeførte til produksjonsstaden. Vi vil òg at kommunane skal ha moglegheit til å skriva ut eigne skattar på spesielle oppgåver for ein spesiell periode. Men når det gjeld å sikra gode og verdige omsorgs- og helsetenester for fastbuande, er det ei oppgåve som må løysast felles, og på anna vis.

Sigrun Eng (A): Interpellanten set her i dag fokus på eit område som etter kvart har blitt ei belastning for slunkne kommunekasser. Det å vere vertskommune for turistar gjev ikkje berre inntekter, men òg mange utgifter. Utgiftene er både direkte og indirekte.

Sjølv kjem eg frå landets største reiselivsregion. I Hallingdal er det om lag 20 000 fastbuande. Men regionen har vore flink med marknadsføring, han har mykje å by på, slik at i snitt bur det 50 pst. fleire i dalen kvar einaste dag. Gjestene utgjer altså vel 10 000 innbyggjarar ekstra, som kvar dag skal ha dei same tilboda når det gjeld alle kommunale tenester, utan at kommunane får noka form for kompensasjon. Og oppe i det heile er det toppar, som t.d. påsken no snart. Da kan folketalet fort bli både 60 000 og 70 000.

Det seier seg sjølv at kommunane ikkje kan dimensjonere servicen sin for dette. Og i neste runde er det dei fastbuande som må vente, dei som skulle vore hos dokteren, men som ikkje fekk time fordi kontoret var sprengt. Ventetida kan mange gonger vere lang for dei som er skattebetalarar med fast adresse. Heildøgnsvakter er heller ikkje eit ukjent omgrep når det røyner på.

Eg meiner ikkje at turisme er noko negativt. Tvert imot, det gjev mange gode arbeidsplassar for oss som vil bu der stressa byfolk finn ro, er på rekreasjon og får lada batteria sine. Vi har god plass til dei, men dei utfordringane som det har blitt peikt på i dag, er ei stor belastning. Men det er no eingong ikkje slik at den sesongarbeidskrafta som statsråden var inne på, er store skattebetalarar til dei kommunane dei jobbar i. Dei fleste skattar til heimstadskommunen sin når dei har ein mellombels arbeidsplass.

I dei seinare åra har òg fleire og fleire blitt «fastbuande» i månadsvis. Hytter er som kjent ikkje kva dei var, mange plassar er standarden svært høg, ja til og med betre enn der ein har fast adresse. I lys av dette melder ofte behova seg. Omsorgssektoren får òg store utfordringar. Det seier seg sjølv at behova aukar etter som ein blir eldre, og det er i pensjonistanes rekkjer ein finn dei fleste langtidsgjestene. Dette går det heller ikkje an å dimensjonere servicen for.

Tilsette innan sektoren heng i stroppen meir enn nokon gong. Fastbuande får mindre enn dei har ønske om og behov for, og tilbakemeldingane frå dei som er i direkte kontakt med brukargruppene, er lite tilfredsstillande. Det skaper stress og auka sjukefråvær.

No er det heller ikkje slik at ein tek meir omsyn til fastbuande enn til gjester, kanskje snarare tvert imot. Men summen av utgiftene som kommunane får som vertskommunar, er stor.

Når ein høyrer at Trondheims-ordføraren går ut og meiner at studentane i byen der bør melde flytting til Trondheim for at kommunen skal få dekt sine utgifter og studentane få nyte velferdstilboda i kommunen, kan ein dra nokre parallellar. Systemet med å gjere seg nytte av velferdstilbod og kommunale tenester bør kompenserast på ein eller annan måte. Det kan ikkje vere slik at ein gjer opp rekninga utan vert.

Helge Bjørnsen (SV): Interpellanten tar opp ett av flere problemer knyttet til inntektssystemet vårt. Det er rett og rimelig at svaret også er at vi må se på inntektssystemet. Problemet er at vi har bygd opp inntektssystem som ikke gir romslighet, og vi har en regjering som av prinsipp ikke vil at kommunen skal ha romslighet i sin økonomi. Jeg ser det slik at det alltid vil være noen som ikke får de tjenestene som de både har rett til og krav på, og som vi mener at de burde bli til del, når det er slik at kommunene er konsekvent og villet underfinansiert.

Vi har en debatt for tiden om øremerking, og jeg tror Stortinget beveger seg i retning av å ikke ville øremerke så mye. Da får vi en ny debatt, om det er slik at vi skal ha minimumskommuner, som alltid skal slite med endringer, som alltid skal slite med uforutsette ting, eller om vi skal ha kommuner med noe romslighet, som på en smidig måte kan løse den typen problemer vi i dag snakker om.

Jeg vil spørre statsråden om det er slik at Regjeringen i framtiden ønsker å spisse tjenestene mer mot såkalte verdig trengende, mot noen klart definerte mottakere, eller om det er slik at vi i Norge ønsker en fellesskapsløsning med noe romslighet, med noe fleksibilitet i systemene, som fordrer at det fins noe økonomi og volum på tjenester.

Eirin Faldet hadde her overtatt presidentplassen.

Reidar Sandal (A): Debatten om denne saka har vist svært samanfallande vurderingar av problemet, nemleg at dei kommunane som har eit svært høgt mellombels innbyggjartal, kjem ut i eit økonomisk uføre.

Eg er glad for den breie tilslutninga. Det må vere eit viktig signal for statsråden å ta med seg inn i arbeidet i Regjeringa for å finne ei løysing på det problemet som desse kommunane er oppe i. Eg er tilfreds med at ein, når det gjeld det lange løpet, vil sjå på kriterium, men eg vil sterkt understreke at denne debatten har vist at ein er utolmodig i retning av òg å finne gode mellombelse ordningar.

Mine hovudpoeng er følgjande: Dei rettane som turistar har når dei mellombels oppheld seg i ein turistkommune, skal stå ved lag. Og fastbuande må ikkje bli nedprioriterte på grunn av mangel på pengar eller mangel på personell for å utføre helse- og omsorgstenester i deira heimkommune.

Eit anna poeng er at turistkommunane må ha forsvarlege økonomiske vilkår, og staten må greie å finne ei praktisk ordning som dekkjer dei meirkostnadene som det høge innbyggjartalet fører med seg. Eg vil presisere at ei omfordeling innanfor ei allereie for knapp økonomisk ramme ser eg ikkje som ein farbar veg ut av dette problemet. På det punktet sluttar eg meg heilt til det som representanten Meltveit Kleppa òg har gitt uttrykk for.

Eg forventar at Regjeringa går grundig inn i denne saka og er konstruktiv med omsyn til å finne ei løysing både på lang sikt og òg på kort sikt, og at Stortinget får moglegheit til å meine noko om kva som skal vere politikken på dette området framover.

Eg vil avslutte med å seie følgjande: På kort sikt har statsråden peika på at det kan vere aktuelt å bruke skjønsmidlar for å redusere problema for turistkommunane. Spørsmålet mitt til statsråden er: Vil statsråden, på grunnlag av debatten i Stortinget i dag, ta initiativ for å finne ei mellombels løysing på saka, som er tenleg både for brukarane og for turistkommunane?

Statsråd Erna Solberg: La meg begynne med å svare på et par av de innleggene som har vært tidligere, før jeg svarer på det avsluttende spørsmålet fra interpellanten Sandal.

Jeg har lyst til å understreke at jeg tror at verken fri skattøre eller selskapsskatt er noen særlig aktuelle løsninger i denne sammenheng. En fri skattøre vil være en beskatning av de fastboende. Det vil i så måte ikke være en beskatning av hyttebeboerne. Jeg har også i spørretimen svart på spørsmålet om min holdning til fri skattøre. Jeg mener at en friere skattøre slik det er i dag, er et ekstremt sentraliserende tiltak på grunn av at mulighetene for å få høye inntekter med relativt små økninger i skatteinntektene vil være veldig store i de befolkningstette områdene, mens distriktskommunene vil få større vanskeligheter med å skaffe seg ekstra inntekter på bakgrunn av fri skattøre. Derfor er min holdning at jeg er skeptisk til det. Skal man gjennomføre dette, mener iallfall jeg at det må gjennomføres på basis av en helt annen kommunestruktur enn den vi har i dag. Da vil det være enklere å kunne gjennomføre, for da vil det også være mulighet for en større balanse.

Så skjønner jeg at mange synes det er langt frem til 2006–2007. Hvis vi nå skal gjøre flere endringer enn dem som allerede er satt på dagsordenen, synes jeg det er viktig at de tas i sammenheng, hvis det skal gjøres innenfor kriteriesystemet. På kort sikt er det selvfølgelig mulig å gjøre det utenfor kriteriesystemet, altså gjennom skjønnsmidler. Det er egentlig det eneste hurtigvirkende apparatet vi har i den forbindelse. Jeg er innstilt på at man i retningslinjene skal kunne presisere at man skal ta hensyn til dette. Størrelsen på skjønnsmidlene, størrelsen på kommuneøkonomien, kommer Stortinget til å få lov til å ta stilling til i slutten av juni ved behandlingen av kommuneproposisjonen. Da kan man velge hvilken størrelse en slik prioritering skal være innenfor.

Så skal jeg få lov til å si noen ord til Sandal om brukervalg. Jeg er sterk tilhenger av å utvikle brukervalg. Derfor har Kommunaldepartementet også initiert at vi nå har 12 kommuner som jobber i nettverk med brukervalgsmodeller. Oslo er den første som har startet. Jeg ser helt klart at i fremtiden er brukervalg en mye bedre måte for å kunne få til fleksible løsninger som passer til mennesker som beveger seg over grenser, er lenger borte fra hjemmet og kanskje i løpet av en periode faktisk har to hjem, enn det systemet vi har i dag. Men spørsmålet er innenfor hvilke rammer en skal lage brukervalg. Primært ønsker jeg en brukervalgsmodell som kommunene selv må gjennomføre og ta stilling til. Jeg tror det er et så godt tilbud til velgerne og til de eldre, at alle politikere etter hvert kommer til å oppleve den etterspørselen, oppleve at man ønsker seg flere modeller av brukervalgstypen. Da vil vi også kunne få enklere løsninger enn de gamle refusjonsordningene, som var for tungvinte og administrativt vanskelige.

Presidenten: Da er behandlingen av sak nr. 4 avsluttet.