Interpellasjon fra Bjørn Jacobsen (SV) til utenriksministeren

Interpellasjon nr. 23 (2003-2004)
Om krenkinga av menneskerettar i Tsjetsjenia, og kva Noreg kan gjere for å påverke Russland til å få ei fredsløysing i landet
Datert: 27.01.2004
Besvart: 05.03.2004 av utenriksminister Jan Petersen

Bjørn Jacobsen (SV)

Spørsmål

Bjørn Jacobsen (SV): Tsjetsjenia representerer den verste krisa når det gjeld menneskerettar i Europa i dag. Landet er prega av vold, kriminalitet og krenking av menneskerettar. Både statlege og ikkje-statlege aktørar er ansvarlege for dette. Ifølgje menneskerettsobservatørar "forsvinn" 40-70 personar kvar månad, og eit noko mindre tal av sivile blir drepne. Trass i at russiske myndigheiter påstår at krigen er over, og at forholda blir normaliserte, tyder ingenting på at situasjonen er i betring. Straffefridom i forhold til grove overgrep er eit omfattande problem.

Kva kan Noreg gjere for å påverke Russlands vilje til å få ei fredelig løysing i Tsjetsjenia?

Les hele debatten