Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Interpellasjon fra representanten Bjørn Jacobsen til utenriksministeren:
"Tsjetsjenia representerer den verste krisa når det gjeld menneskerettar i Europa i dag. Landet er prega av vald, kriminalitet og krenking av menneskerettar. Både statlege og ikkje-statlege aktørar er ansvarlege for dette. Ifølgje menneskerettsobservatørar "forsvinn" 40-70 personar kvar månad, og eit noko mindre tal sivile blir drepne. Trass i at russiske myndigheiter påstår at krigen er over, og at forholda blir normaliserte, tyder ingenting på at situasjonen er i betring. Straff-fridom i forhold til grove overgrep er eit omfattande problem.
Kva kan Noreg gjere for å påverke Russlands vilje til å få ei fredelig løysing i Tsjetsjenia?"