Interpellasjon fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Interpellasjon nr. 5 (2014-2015)
Om at 50 pst. av sjukehuslegane er midlertidig tilsette, om faren for at desse ikkje gir beskjed om uheldige forhold til leiinga, og om at graviditet og foreldrepermisjon har fått følgjer for arbeidsforholdet deira
Datert: 12.06.2014
Besvart: 21.10.2014 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Legar i sjukehus er i eit stort omfang tilsett i midlertidige stillingar. Undersøkingar viser at 50 prosent av alle sjukehuslegar er midlertidig tilsette, og av legar i spesialisering er heile 90-95 prosent midlertidig tilsett. I gjennomsnitt er sjukehuslegar midlertidig tilsette til dei er cirka 42 år. Ifølgje ein arbeidsmiljøundersøking frå Yngre legers forening (YLF) svarar 15 prosent av legane som har vore gravide og som går i midlertidige stillingar, at graviditeten og/eller foreldrepermisjonen har fått negative konsekvensar for arbeidsforholdet. Nylig blei eit sjukehus på Østlandet felt av Likestillings- og diskrimineringsombudet (LDO) for å ha diskriminert ein gravid lege. Midlertidige stillingar over så lang tid skapar også usikkerheit for legane og dermed også fare for at ein ikkje gir beskjed om uheldige forhold til leiinga.

Kva vil statsråden, som eigar av føretaka, gjere for å endre dette?

Les hele debatten