Interpellasjon fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Interpellasjon nr. 14 (2014-2015)
Om å bidra til ei haldningsendring i norsk helsevesen som sikrar born fødde med trisomi 13 og 18 same rett til helsehjelp etter individuell vurdering som andre born
Datert: 16.10.2014
Besvart: 11.11.2014 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Born fødde med trisomi 13 og 18 får ofte berre lindrande helsehjelp dersom tilstanden er kjent ved fødselen. Statistikken viser at fem til ti prosent blir eitt år eller eldre. Foreldre opplever å kjempe ein kamp mot systemet og fagmiljøa. Dei opplever at borna ikkje får ein sjanse til aktiv behandling ut frå ei individuell vurdering av kvart enkelt born, slik andre born med andre diagnosar har rett til. Fleire parti på Stortinget sto saman om eit miniseminar på Stortinget 14. oktober i år om behandlingstilbodet for born med trisomi. Fleire innleiarar frå fagmiljøa peikte der på behovet for ei haldningsendring i norsk helsevesen. Til no har ein gjerne sett på trisomi 13/18 som liv som ikkje er verdt å leve.

Vil statsråden bidra til ei haldningsendring i norsk helsevesen som sikrar born med diagnose trisomi 13/18 same rett til ekte helsehjelp etter individuell vurdering og behandling, som andre born?

Les hele debatten