Interpellasjon fra Liv Signe Navarsete (Sp) til utviklingsministeren

Interpellasjon nr. 58 (2020-2021)
Om korleis statsråden vil sikre at Noreg yter ein langt større del av bistandsmidlane til landbruk og kampen mot svolt og ekstrem fattigdom og slik bidreg til at berekraftsmål 2 kan oppnåast innan 2030
Oversendt regjeringen: 15.04.2021
Besvart: 04.05.2021 av utviklingsminister Dag-Inge Ulstein

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): I 4 år har partnarskapen Ceres2030 gått gjennom fleire hundre tusen artiklar og rapportar frå dei siste 20 åra for å få svar på korleis verda mest effektivt kan utrydde svolt og ekstrem fattigdom innan 2030, og kva det vil koste. Konklusjonen er at om dei rike landa doblar si støtte til verdas 500 000 småbønder så dei kan doble sin matproduksjon, og landa gjer det same, kan dei langt på veg få slutt på ekstrem fattigdom og svolt og samstundes takle klima- og naturkrisa som råkar dei. Noreg yter 2-3 prosent av bistandsmidlane til landbruk, og er dermed på jumboplass i OECD der gjennomsnittet er på 7 prosent. Regjeringa har lagt fram ein handlingsplan, men lite har skjedd etter det.
Korleis vil statsråden sikre at Noreg yter ein langt større del av bistandsmidlane til landbruk og kampen mot svolt og ekstrem fattigdom og slik bidreg til at berekraftsmål 2 kan oppnåast innan 2030?

Les hele debatten