Interpellasjon fra Håkon Steinar Giil (Sp) til olje- og energiministeren

Interpellasjon nr. 39 (1996-97)
Om forvaltning av gassressursane
Datert: 10.03.1997
Besvart: 22.04.1997 av olje- og energiminister Ranveig Frøiland

Håkon Steinar Giil (Sp)

Spørsmål

Håkon Steinar Giil (Sp): I 1996 produserte Noreg ca. 37 mill. Sm3 o.e. naturgass. I Nasjonalbudsjettet 1997 er det pårekna gassalet i år 2004 sett til 70 mill. Sm3 o.e. med opning for ein vidare auke til om lag 80 mill. Sm3 o.e. Den siste tida er vi gjennom pressa blitt orienterte om fleire nye gassalskontraktar. Dersom vi legg produksjonen i 1996 til grunn, vil Noreg, etter SSB sine vurderingar i Økonomisk utsyn 1/97, ha nok ressursar til å produsere naturgass i 147 år framover. Desse føresetnadene er no radikalt endra.

Kva omsyn meiner Regjeringa bør leggjast til grunn når ein kontraktfestar nye gassleveransar, og kor store mengder bør vi kontraktfeste i den næraste framtida utfrå ei samla vurdering med særleg vekt på ei langsiktig forvaltning av gassressursane og omtanke for kommande generasjonar?

Les hele debatten