Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Interpellasjon fra Reidar Sandal (A) til kommunal- og regionalministeren

Interpellasjon nr. 10 (2002-2003)
Om at _turistkommunar_ ikkje får kompensasjon for at dei i periodar overtek ansvaret for helse- og omsorgshjelp til personar som mellombels oppheld seg i kommunen
Oversendt regjeringen: 17.02.2003
Besvart: 10.04.2003 av kommunal- og regionalminister Erna Solberg

Reidar Sandal (A)

Spørsmål

Reidar Sandal (A): I fleire kommunar er det vanleg at talet på innbyggjarar blir mangedobla i turistsesongen. Personar som er på ferie i desse kommunane, har krav på helse- og omsorgshjelp på linje med fastbuande. Dei kommunale utgiftene aukar som følgje av dette. I dei aktuelle kommunane finst det store utfordringar knytt til å skaffe kvalifisert personale for å løyse omsorgsoppgåvene også for turistane. Etter gjeldande ordning får turistkommunane ingen kompensasjon for at dei i periodar overtek omsorgsansvaret for personar som mellombels oppheld seg i kommunen. Det finst mange eksempel på at turistane sitt behov for tenester kjem i konflikt med tilsvarande behov for fastbuande.
Kva vil statsråden gjere for å rette opp dette misforholdet?

Les hele debatten