Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Interpellasjon nr. 17 (2002-2003)
Om _konkurranseutsetjing og privatisering av omsorgstenester_, og å hindra at eit einsidig fokus på kostnadseffektivitet medverkar til ei lite verdig eldreomsorg
Oversendt regjeringen: 12.03.2003
Besvart: 03.04.2003 av sosialminister Ingjerd Schie Schou

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Dagboka frå ein pasient ved Risenga bo- og omsorgssenter i Asker slik ho er presentert i VG 10. mars d.å. har med rette vekt sterke reaksjonar. Det er nærliggjande å setja søkelyset på kommunane si rolle og deira ansvar på leiaropplæring og krav til bemanning. Det handlar utan tvil også om kva rammer kommunane har til dei oppgåvene dei skal løysa. Denne gongen gjeld det tilhøva ved Risenga bo- og omsorgssenter. I fjor vart graverande forhold ved Hovseterhjemmet avdekka. Begge desse institusjonane har fått tildelt anbod etter konkurranseutsetjing. I Sverige ser ein no at fleire kommunar reverserer konkurranseutsetjing og privatisering av omsorgstenester.
Vil statsråden føreta seg noko for å hindra at eit einsidig fokus på kostnadseffektivitet medverkar til ei lite verdig eldreomsorg?