Interpellasjon fra Ranveig Frøiland (A) til kultur- og kirkeministeren
Interpellasjon nr. 3 (2004-2005)
Om å _sikra Vard-modellen i Haugesund finansiering_ slik at arbeidet kan fortsetja og vera ein mal for friviljuge organisasjonar som er med på å integrera innvandrar-, flyktning- og asylsøkjarbarn
Oversendt regjeringen: 01.06.2004
Besvart: 21.10.2004 av kultur- og kirkeminister Valgerd Svarstad Haugland

Spørsmål
Ranveig Frøiland (A): Det er viktig å integrere barn som har bakgrunn som innvandrar, flyktning og asylsøkjar, og myndigheitene yter viktige bidrag i denne samanheng. Men det er ildsjeler i friviljuge organisasjonar som driv dette i samarbeidd med myndigheitene. Vard-modellen i Haugesund er eit slikt tiltak som er velkjend, og som det blir vist til i ulike samanhenger som noko det er verdt å byggje vidare på. Dei friviljuge kreftene brukar mykje tid på å skaffe finansiering og har dessutan altfor kort tidsperspektiv å jobbe etter grunna usikker finansiering. Vard-modellen bør sikrast finansiering over ein treårsperiode, slik at arbeidet kan forsetja og at dette prosjektet kan vere ein mal for andre friviljuge organisasjonar.
Kan statsråden medverka til dette?"