Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:3537 (2025-2026)
Innlevert: 18.08.2026
Sendt: 19.08.2026
Besvart: 26.08.2026 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Remi Sølvberg (R): Meiner statsråden at den kommersielle eigedomsutviklinga i Bane NOR Eiendom AS i dag er i samsvar med vedtektene slik han sjølv beskriv dei, og kva konkrete verkemiddel og tidsfristar vil han bruke for å sikre at dei urealiserte verdiane faktisk blir gjorde om til finansiering av jernbanen, slik Stortinget føresette ved behandlinga av Meld. St. 27 (2014–2015)?
I svaret sitt av 11. juni 2026 til Riksrevisjonens undersøking av eigedomsverksemda i Bane NOR, Dokument 3:19 (2025–2026), skriv statsråden at vedtektene inneber at:
«Bane NOR Eiendom AS ikke kan drives som en frittstående kommersiell eiendomsutvikler, men skal bidra til å oppfylle samfunnsoppdraget til Bane NOR SF».
Statsråden skriv vidare at «selv om avkastningen har vært tilfredsstillende, er det meste av avkastningen ikke realisert», og at han i hovudsak er einig i Riksrevisjonens vurderingar.
Riksrevisjonen dokumenterer samstundes at utviklingsplanane omfattar om lag 26 000 bustader i nesten 70 prosjekt i om lag 30 kommunar, at selskapet utviklar hotell, kontor, rådhus, skular og politistasjonar, at over 70 prosent av bustadeigedomane i Bane NOR sin eigen prosjektoversikt ikkje òg er merkte som knutepunktutvikling, og at 23 prosent av eigedomane med utviklingspotensial ligg meir enn 800 meter frå næraste stasjon etter selskapet sine eigne utrekningar. Rapporten slår fast at auken i marknadsverdiar «så langt ikke har ført til at verdiene er brukt som finansieringsgrunnlag for jernbanevirksomheten, slik det ble forutsatt ved Stortingets behandling av Meld. St. 27 (2014–2015)», jf. Innst. 386 S (2014–2015). Samla vurdering er «ikke tilfredsstillende».
Marknadsverdien har auka frå 16,3 milliardar kroner i 2018 til 32 milliardar kroner i 2025. Det er teke ut internt utbytte to gonger, 250 millionar kroner i 2018 og 50 millionar kroner i 2022. Berre dei 50 millionane er førte vidare til staten.

Jon-Ivar Nygård: Som eg svarte til Riksrevisjonen i samband med undersøkinga, tek eg sikte på å gjennomføre ei ny evaluering av eigedomsverksemda i Bane NOR SF. Det er derfor for tidleg å kommentere dei forholda som spørsmålsstillaren trekkjer fram i spørsmålet sitt. Statens eigarpolitikk tilseier at departementet skal vere varsamt med å instruere Bane NOR SF eller Bane NOR Eiendom AS om enkelteigedommar eller når det gjeld einskildprosjekt. Eg vil vurdere den vidare oppfølginga overfor Bane NOR SF i lys av evalueringa.