Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:477 (2001-2002) Innlevert: 17.06.2002 Sendt: 18.06.2002 Besvart: 20.06.2002 av nærings- og handelsminister Ansgar Gabrielsen
Heidi Grande Røys (SV): Ein samla EU-kommisjon tilrår at EU igjen skal innføre subsidiar på skipsbygging frå 1. oktober. Ei avklaring på ei eventuell subsidiering kjem i september, og forslaget går ut på inntil 6 pst.Kva konsekvensar vil det få for norsk skipsbyggingsindustri om EU gjeninnfører slik subsidiering, og vil nærings- og handelsministeren vurdere å gjeninnføre subsidiar til norske skipsverft om EU gjer det?
Ansgar Gabrielsen: Kommisjonen sitt forslag inneber, slik eg har forstått det, at ein ønskjer å gjeninnføre ei avgrensa støtteordning for enkelte typar fartøy der europeiske verft er i direkte konkurranse med koreanske verft. Dei typane fartøy det er snakk om i det siste forslaget er containerskip, olje-, kjemikalie- og LNG-tankskip. Dette er typar fartøy som svært få norske verft produserer. For dei verfta som hovudsakleg produserer denne type fartøy vil ei gjeninnføring av subsidiar i EU føre til at deira konkurransesituasjon blir vanskelegare. For andre verft vil forslaget truleg slå motsett veg, ved at den generelle konkurransen på andre typar fartøy vil bli lettare. Dette vil være ein følgje av at deler av kapasiteten ved europeiske verft blir bunde opp mot dei fire typane fartøy som er omfatta av forslaget. Det er dermed vanskeleg å seie noko eintydig om kva konsekvensar ei gjeninnføring av ei slik avgrensa støtteordning vil ha for norsk skipsbyggingsindustri. Regjeringa følgje utviklinga i EU nøye med åsyn til kontraktsrelatert verftsstøtte. Dette for å sikre likearta konkurransevilkår mellom skipsbyggingsindustrien i Noreg og dei største konkurrentlanda. Dersom det viser seg at EU gjeninnfører ei slik støtte, vil Regjeringa måtte vurdere i større detalj kva konsekvenser dette vil få for norsk skipsbyggingsindustri, og moglege tiltak.