Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Inn- og utflygingstraseene ved Oslo Lufthamn Gardermoen blei behandla i detalj av Stortinget i 1992.
Dersom det nye forslaget inneber at det vert flyging på nye trasear, vil då samferdselsministeren leggja saka fram for Stortinget?
Begrunnelse
Ufullstendig svar på skriftleg spørsmål nr. 459 der det i grunngjevinga og vert stilt spørsmål om kor bunden samferdselsministeren er av vedtak i Stortinget i 1992. Dersom saka ikkje vert lagt fram, må det i tilfelle vera ein heimel for dette.