Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Vil statsråden avstå frå å fremja forslag til endringar i forskrifta om kommunal betaling for ferdigbehandla pasientar?
Begrunnelse
Eg viser til spørsmål nr. 26 i Stortingets spørjetime 6. november d.å. der kommunalministeren stilte seg uforståande til signal om endringar i oppgåvefordelinga mellom spesialisthelsetenesta og kommunane når det gjeld utskriving av pasientar frå sjukehus. I ettertid er eg gjort kjent med høyringsutkast frå sosialministeren. Dette inneheld både endring i ordbruk frå "ferdigbehandla" til "utskrivingsklar", og også forslag til halvert varslingstid ved utskriving og auke i døgerpris. KS har klåre og velgrunna motførestellingar til forslaga. Eg oppmodar statsråden til å ta KS sine synspunkt til fylgje, eventuelt ved å ta initiativ til ein dialog om kompensasjon til kommunane i dei tilfelle det er ynskjeleg med oppfylgjande behandling i kommunehelsetenesta.