Skriftlig spørsmål fra Bjørn Jacobsen (SV) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:1585 (2007-2008)
Innlevert: 25.09.2008
Sendt: 26.09.2008
Besvart: 02.10.2008 av utenriksminister Jonas Gahr Støre

Bjørn Jacobsen (SV)

Spørsmål

Bjørn Jacobsen (SV): Kan utanriksministeren på nokon måte syte for at guatemalanske myndigheiter blir kjent med at ein frå fagrørsla i Noreg er svært bekymra over korleis det fagleg politiske arbeidet og arbeidet i venskapsgruppa skal kunne halde fram når det som kan synast som regelrett avretting skjer og truslar framførast?

Begrunnelse

21. september i år blei fagforeiningsleiar Jose Israel Estacuy skutt ned og drepen i Retalhuleu, Guatemala. Han deltok òg i vennskapsgruppa mellom Telemark og Retalhuleu og i kraft av å være leiar i fagforeininga også i samarbeidet med Fagforbundet i Telemark. Norske bistandsmidlar har også støtta opp om samarbeidet i form av finansiering av skolering i fagrørsla.
Andre medlemmar i fagrørsla mottek no truslar og det kan sjå ut som at dødslister kjem attende som politisk verkemedel.
I Guatemala har mykje av volden utvikla seg frå å vere politisk til å bli meir kriminalitet etter fredsavtalen på 90-talet. Andre og siste dagars hendingar kan tyde på at politisk vold er tilbake som politisk virkemiddel i fullt monn.

Jonas Gahr Støre (A)

Svar

Jonas Gahr Støre: Eg kan stadfeste at guatemalske styresmakter er blitt gjort kjent med fagrørsla og norske styremakter sine bekymringar i denne tragiske saka.

Før eg utdjupar dette, vil eg imidlertid fyrst få uttrykka norske styresmakter sin djupe medfølelse med dei etterlatne etter fagrørsleleiar José Romero Estacuy som brutalt vart skoten og drepen førre søndag. Tankane våre går og til dei mange venene hans i Guatemala og i venskapsgruppa i Telemark. Det er godt å vita at venskapskapsgruppa har stilt opp ovanfor enka og borna i denne svært vanskelege situasjonen.

Diverre er drapstala i Guatemala svært høge og den respektive oppklåringsprosenten lav. Vi veit enno ikkje kva motivet for dette drapet er. Det er imidlertid ein openberr muligheit for at drapet kan ha samanheng med José Israel Romero Estacuy sitt arbeid innan fagrørsla.

Noreg kan ikkje blande seg inn i etterforsking eller rettargang i Guatemala. Det vi kan gjera er å synleggjera bekymringa vår både i denne konkrete saka og når det gjeld trugsmål, vald og drap mot leiarar i fagrørsla og menneskerettsforsvarar generelt. Vi kan og understreke kor viktig det er at det vert gitt prioritet til etterforskinga slik at dei skuldige vert straffa. Og det gjer vi.

Allereie i førre veke var ambassaden vår i Guatemala i kontakt med statsadvokaten i det aktuelle fylket der drapet fann stad. Statsadvokaten vart då gjort kjent med Noregs og fagrørsla sin bekymring. Tysdag i denne veka hadde dessutan den norske ambassadøren, Lars Vaagen, eit møte med viseinnanriksminister Carlos Rodas om saka, der det vart gitt uttrykk for djup bekymring og gjort klart at vi frå norsk side vil fylgja saka nøye framover og at vi forutset at etterforskinga vert gitt den prioritet saka tilseier.

Ambassadør Vaagen har og diskutert saka med Carlos Castresana, leiaren for Den internasjonale kommisjonen mot straffefridom i Guatemala (CICIG). Kommisjonen vart etablert i september 2007 på grunnlag av ein avtale mellom FN og regjeringa i Guatemala. Frå norsk side har vi gitt eit betydeleg finansielt tilskot til drifta av kommisjonen. Vi har vidare også gitt andre tilskot med sikte på å styrke politiet og påtalemakta sine evner til å etterforska og oppklåre drap og anna alvorleg kriminalitet. Kontakten med CICIG om drapet på Romero vil halde fram, og samband med dette vil også det øvrige internasjonale miljøet i Guatemala verta haldne orientert.

Ambassaden vil i dei nærmaste dagane halde fram med å ta kontakt med personar og institusjonar i lokalmiljøet der drapet fann stad for der igjennom å markere den vekt vi frå norsk side legg i saka.

Eg vil for øvrig få nytte dette høvet til å minne om Noregs langvarige engasjement i arbeidet med å støtte og verne menneskerettsforsvararar, det vera seg forfattarar, leiarar i fagrørsla eller andre som har vigd sitt liv til å forvare andre sine rettar. Noreg har ei leiarrolle i FN-systemet i arbeidet med å halde søkeljoset på MR-forsvararar og i å syrgje for at mandatet til FN sin spesialrapportør vert fornya med jamne mellomrom. Situasjonen i Guatemala er blitt gjennomgått fleire gonger av spesialrapportøren, og det er gitt ei rekke tilrådingar til styresmaktene i Guatemala. Menneskerettsrådet i Genève vil drøfte oppfylginga av desse tilrådingane, og Noreg vil delta aktivt i dette arbeidet.

Norske styremakter vert halden fortløpande orientert om utviklinga i denne konkrete drapssaka, både frå ambassaden vår i Guatemala, men også gjennom direkte kontakt mellom UD og venskapsgruppa i Telemark. Statssekretær Raymond Johansen møtte fleire representantar for venskapsgruppa på kontoret sitt i førre veke.

Vår erfaring i slike saker er at det beste vernet Noreg kan gi er å halde fokus på spørsmålet. Det kan eg forsikre deg om at vi framleis har til hensikt å gjera.