Åge Starheim (FrP): Det er no sett ned 4 utval som skal utgreie kabelalternativ for kraftlinja i Hardanger, som skal danne grunnlag for ei ny vurdering av linjevalet i denne regionen. Linja Fardal-Ørskog i Sogn og Fjordane har også skapt eit stort engasjement for å sikre at linja gjer minst mogeleg naturinngrep.
Vil statsråden sikre at det vert gjort tilsvarande vurderingar for kraftlinja Fardal-Ørskog som i Hardanger, slik at det også her straks vert gjennomført ekstern utgreiing av sjøkabel, jordkabel eller andre linjeval?
Begrunnelse
Eit massivt press dei siste månadane har regjeringa sett ned 4 uavhengige utval som skal utgreie kabelalternativ for kraftlinja mellom Samnanger og Sima i Hardanger. Desse utgreiingane sla etter det eg forstår danne grunnlaget for ei ny vurdering av linjevalet i regjeringa.
I Sogn og Fjordane er det også planlagt ei ny linje mellom Fardal og Ørskog, der det også har vore stort engasjement for å sikre at linja gjer minst mogleg naturinngrep.
Kommunane i Sogn og Fjordane som får store inngrep i samband med den planlagde 420 kV kraftlinja frå Fardal til Ørskog, har ved alle høyringar i samband med planlegginga av linja, gjeve tilbakemelding på at dei ønskjer å få utgreidd alternativ til luftspenn og andre trasear. Slik linja er planlagt i luftspenn, går den over store urøyvde landskapsområder, gjennom framtidige områder for sentrumsutviding og fleire stader nær bustadane til nybyggjarane i fylket.
Fleire kommunar har påklaga NVE sitt konsesjonsvedtak.
Eg ser difor med stor optimisme på den opninga for alternative løysingar som regjeringa no har gjeve i samband med den planlagde utbygginga i Hardanger, og ber difor om at dei signala som no er gjeve i Hardanger, også vert lagt til grunn for den planlagde linja mellom Tardal og Ørskog, slik at det også her vert gjennomført ei ekstern utgreiing/vurdering av sjøkabel, jordkabel eller andre linjetrasear/i dette området.