Oskar J. Grimstad (FrP): Kva vurderer miljøvernministeren som forsvarlige alternativ til den svært omfattande og kostbare behandlinga planlagt for vassdraget Driva i Møre og Romsdal?
Begrunnelse
Det er en uttalt målsetting å utrydde lakseparasitten Gyrodactylus salaris i Norske vassdrag der dette blir sett på som mogleg. Arbeidet med å bekjempe denne parasitten er svært krevjande og det er ulik erfaring med dei tiltak som er satt inn for å bekjempe den. Spesielt er det utfordrande å bekjempe den i vassdrag der det er mange sideelvar og vasstilsig frå steinurer og underjordiske bekkar. Det er derfor avgjerande for eit godt resultat at lokale grunneigarar som kjenner vassdraget godt, blir brukt som dei ressursane dei er. I den infiserte elva Driva i Møre og Romsdal er det planlagt rotenonbehandling pluss bygging av ei fiskesperre.
Prosessen i denne saka synest å ha blitt slik at lokale grunneigarar og lokaldemokratiet ikkje lenger har tillit til at den planlagde behandlinga vil lykkast. Der blir det peika på at naturen har gått sin gang og der er klare teikn på resistent fisk slik dei vurderer det.