Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:782 (2011-2012)
Innlevert: 06.02.2012
Sendt: 07.02.2012
Besvart: 13.02.2012 av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Nikkino borerigg vart demobrukt av Statens vegvesen i 2002. Iflg. skriv frå samf.minister Kleppa har statsråden påstått at denne boreriggen var tilbakelevert til eigar, noko skriv frå Statens vegvesen, datert 15.06.10, med referanse 2010/024999-02, viser ikkje er tilfelle.
Synes statsråden at det er rett av statsråden å framsetje urikte påstandar/svar på spørsmål frå eigar av Nikkino borerigg om tilbakelevering av denne boreriggen?

Begrunnelse

Eg viser til skriv frå Statens vegvesen til eigar av Nikkino borerigg, datert 15.06.2010, med referanse 2010/024999-02, og skriv frå eigar av Nikkino borerigg til Samferdsledepartementet, datert 03.11.2011.

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Svar

Magnhild Meltveit Kleppa: Eg viser til spørsmål nr. 615 til skriftleg svar i 2010 om den same saka. Eg har ingen kommentar utover det som alt er svara ut i spørsmål nr. 615.

For svar på skriftlig spørsmål nr. 615 (2009-2010), se lenke:

http://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Sporsmal/Skriftlige-sporsmal-og-svar/Skriftlig-sporsmal/?qid=45620