Skriftlig spørsmål fra Oskar J. Grimstad (FrP) til miljøvernministeren

Dokument nr. 15:454 (2012-2013)
Innlevert: 11.12.2012
Sendt: 12.12.2012
Besvart: 21.12.2012 av miljøvernminister Bård Vegar Solhjell

Oskar J. Grimstad (FrP)

Spørsmål

Oskar J. Grimstad (FrP): Vil statsråden bidra til at det opnast for jakt i romjula slik våre naboland tillèt?

Begrunnelse

Årets juleveke består av fleire kvardagar mot nyåret og fleire meiner det er ønskeleg å bruke slike dagar til jakt og friluft syssel. Det er kjent at sjølv innanfor rovdyrforvaltninga er det jaktbare bestandar som ligg lang over avtalt bestandsnivå.
Det er også slik at våre naboland tillèt romjulsjakt og har gode erfaringar med det, og no har vår jakt og friluftsorganisajon uttrykt ønske om dette.

Bård Vegar Solhjell (SV)

Svar

Bård Vegar Solhjell: Som representanten skriver ikkje jakt tillete i tida frå og med 24. desember til og med 31. desember.
Jakt er ein viktig fritidssyssel som har lange og sterke tradisjonar i Noreg, og nordmenn er også i all hovudsak positive til jakt. Som miljøvernminister er eg svært opptatt av jaktas omdømme. Romjula er ei høgtidsprega tid med lange tradisjonar for freding av vilt, og store delar av befolkninga assosierar romjula med fred og ro, både for menneske og dyr. Opning for jakt i romjula vil kunne svekkje jaktas omdømme, og har derfor hittil ikkje vore aktuelt. Det kan likevel ved ei seinare høyringsrunde av jakttider bli aktuelt å etterspørje synspunkt på forslaget.