Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Bård Vegar Solhjell (SV) til næringsministeren

Dokument nr. 15:220 (2013-2014)

Innlevert: 18.12.2013
Sendt: 18.12.2013
Rette vedkommende: Justis- og beredskapsministeren
Besvart: 20.12.2013 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Bård Vegar Solhjell (SV)

Spørsmål

Bård Vegar Solhjell (SV): Viser til Aftenpostens sak laurdag 14. desember som hevda at ein fiskar i Aden-bukta utanfor Jemen hadde blitt skote av besetningsmedlemer på eit norsk skip. Det er uklårt om norske skip sin bruk av skytevåpen utan grunn er eit utbreitt problem.
Kan statsråden utdjupe kva ho veit om det og svare på korleis ho vil sikre at lovbrot på norske skip blir likebehandla med andre brot på norsk lov, og vil statsråden forsikre seg om at denne saka blir etterforska?

Begrunnelse

Anders Anundsen (FrP)

Svar

Anders Anundsen: Vi har per i dag ikkje haldepunkt for at denne hendinga skjedde om bord på eit norskregistrert skip. Bruken av væpna vakter på norske skip er regulert i forskrift, som er gjeve med heimel i skipstryggleikslova. Spørsmålet om kor stort omfanget av våpenbruken er på norske skip ligg difor under Nærings- og handelsdepartementet.
Straffelova gjeld for norske fartøy i open sjø, jf. straffelova § 12 nr. 1 bokstav d. Dette betyr at politiet og påtalemakta kan granske og iretteføre lovbrot. Det ligg hjå påtalemakta å avgjere om denne saka skal granskast.