Hadia Tajik (A): Vil statsråden sørge for at politidistrikta får auka ressursar og handlingsrom, slik at dei vert sett i stand til å levere på oppgåvene dei har, inkludert dei sivile oppgåvene, som Politidirektoratet sine retningsliner for saksbehandlingstid i utleggsaker?
Begrunnelse
Fleire politidistrikt fortel om ei svært krevjande ressurssituasjon. Det økonomiske handlingsrommet deira er kraftig redusert under denne regjeringa, noko som har får konsekvensar for det operative politiarbeidet, for etterforskinga og dei sivile tenestene. Ei av dei sivile oppgåvene til politiet er i tilknyting til namsmannsoppgåvene. Det siste året har fleire distrikt varsla inkassobransjen om at dei har store restansar på utleggssaker, og ikkje kapasitet til å innfri Politidirektoratet si saksbehandlingsfrist på 60 dagar. Hovedorganisasjonen Virke fortel om ei omfattande restansesituasjon for denne typen saker. Det er svært uheldig både for dei som skal krevje inn pengane og for dei som skulder pengar.