Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til finansministeren

Dokument nr. 15:2072 (2017-2018)
Innlevert: 17.08.2018
Sendt: 17.08.2018
Besvart: 23.08.2018 av finansminister Siv Jensen

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Kor mykje pengar har ulike statlege organ brukt på å vera tilstade på «Arendalsuka»?

Begrunnelse

Det er ynskjeleg å få eit oversyn over kor mykje pengar statlege tilsyn, føretak, direktorat osb. har nytta for å vera tilstade på Arendalsuka. Det gjeld både dei statlege einingane som har stand, arrangerer debattar eller er tilstades for å påverka eller delta.
Staten er tungt tilstades på arrangementet. Døme på statlege einingar som er tilstades er: Bufetat, DSB, Riksantikvaren, Utlendingsdirektoratet, Folkehelseinstituttet, UiA, IMDI, Konfliktrådene, Kriminalomsorgen, Nye Veier, Brønnøysundsregistrene, NAV, Pasient- og brukerombudet, Politiet, Statens Vegvesen, Sørlandet sykehus, UiB, Universitetet i Sørøst Norge, Fylkesmannen. Lista er ikkje uttømmande.

Siv Jensen (FrP)

Svar

Siv Jensen: Arendalsuka skal ifølgje nettsida si «være en årlig nasjonal arena hvor aktører innenfor politikk, samfunns- og næringsliv møter hverandre og folk, for debatt og utforming av politikk for nåtid og framtid».
Eg registrerer at nokre statlege verksemder og føretak deltek med stand og arrangement på Arendalsuka. Eg legg til grunn at dei statlege organa som deltek, gjer det i tråd med sine strategiar og arbeidsplanar og innafor rammene i løyvingar og føresetnadar frå Stortinget, og at dei kritisk vurderer kostnadane opp mot alternative føremål. Departementa har normalt delegert til sine underliggjande verksemder å avgjere kva for arenaer dei vil delta på for blant anna å informere om tenestene sine og møte representantar for brukarane sine. Slike møte kan vere nyttige både for å orientere om gjeldande politikk og for å få informasjon om brukarane og andre aktørar i samfunnet sine synspunkt på utviklingsbehovet på eige område.
Eg har inga samla oversyn over kva for statlege organ som var til stades på Arendalsuka. Statlege verksemder rapporterer heller ikkje inn til Finansdepartementet kor mykje ressursar de bruker på slike arrangement. Ei slik oversikt vil måtte utarbeidast av kvart einskild departement i samarbeid med sine underliggjande organ.