Skriftlig spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til kunnskaps- og integreringsministeren

Dokument nr. 15:2106 (2017-2018)
Innlevert: 24.08.2018
Sendt: 24.08.2018
Besvart: 31.08.2018 av kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Kva gjer regjeringa for å hindre språkbyte i grunnskulen og ved overgang til vidaregåande opplæring, kva tiltak vert sett i verk og kan statsråden informere om språkbyte frå nynorsk til bokmål ved årets skulestart, både for overgang til ungdomsskule og overgang til vidaregåande skule?

Jan Tore Sanner (H)

Svar

Jan Tore Sanner: Regjeringa er opptatt av å sikre gode bruks- og opplæringsvilkår for dei to likestilte målformene i norsk. Samstundes er det viktig å minne om at det er kommunen som gir forskrifter om kva målform som skal vere hovudmål i dei enkelte skulane, jf. opplæringslova § 2-5. Det er skuleeigar som har informasjon om kva målform eleven vel ved starten av skoleåret eller undervegs. Departementet har ikkje bedt Utdanningsdirektratet hente inn rapportering frå den enkelte skule om dette.
Eg meiner det er viktig å legge til rette for god og motiverande opplæring på begge målformer. Derfor har vi utforma råd og rettleing om god nynorskopplæring innanfor Språkløyper, som er regjeringas nasjonale strategi for språk, lesing og skriving. Det finst også mykje stimulerande og motiverande stoff på nettsidene til Nynorsksenteret.
Så er det viktig å minne om at andre faktorer også spiller inn når elevane vel målform. På oppdrag frå Utdanningsdirektoratet gjennomførte PROBA samfunnsanalyse i 2014 ei undersøking av nynorsk som hovudmål. Formålet med studien var blant anna å kartlegge kva for rolle dei ulike aktørane speler i elevane sine val av målform og kva som er årsaker til at elevar byter hovudmål.
Ein fann at elevane i stor grad peikte på årsaker som ligg utanfor skulen. Bokmålsdominans på nesten alle samfunnsarenaer gjer at dei blir flinkare i bokmål enn i nynorsk. Bokmål påverkar det munnlege språket til elevane, og difor synest dei det blir meir naturleg å skrive bokmål. Dei vel den målforma dei synest dei meistrar best som arbeidsverkty i skulekvardagen. Korkje lærarar, skuleleiarar eller foreldre ser ut til å ha særleg betydning for byte av målform.
Tilgangen til læremiddel ser heller ikkje ut til å spille særleg rolle, men likevel er det ikkje greit at nynorske parallellutgåver av læremiddel for ofte ikkje har vore klare samstundes med bokmålsutgåvene. Dette bryt med hovudregelen om at kommunar og fylkeskommunar ikkje kan ta i bruk læremiddel som ikkje foreligg til same tid, og informasjon og veiledning til skuleeigarer og læremiddelprodusentar er viktig. I samband med fagfornyinga, vil vi ha tett kontakt med læremiddelprodusentane om dette temaet.
Elles viser eg til svaret mitt 20. april i år til stortingsrepresentant Kjersti Toppe. Toppe spurde om status for saka der Stortinget har bede regjeringa utgreie ei endring av opplæringslova § 2-5 og andre moglege tiltak som kan sikre elevar på ungdomsskulen rett til opplæring på hovudmålet sitt og rett til å tilhøyre ei eiga målformgruppe.
Eg tar fortsatt sikte på å gjere greie for oppfølginga i budsjettproposisjonen for 2019.