Skriftlig spørsmål fra Rigmor Aasrud (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2199 (2017-2018)
Innlevert: 05.09.2018
Sendt: 06.09.2018
Besvart: 11.09.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Rigmor Aasrud (A)

Spørsmål

Rigmor Aasrud (A): Hvor stor har økningen av forsendelser som er omfattet av 350-kronersgrensen, vært etter endring av beløpsgrensen, hvilke investeringer er gjort i Posten Norge som følge av dette, og hva ville portoinntektene vært om forsendelsene ikke hadde vært omfattet av reguleringene som gjør det billigere for utviklingsland å sende post (UPU)?

Begrunnelse

Etter at grensen for avgiftsfri import av varer ble økt til 350 kroner har antall forsendelser til Norge økt. Det hevdes at det kommer om lag 15 millioner forsendelser bare fra Kina. En stor del av disse pakkene sendes med fly og gir derved et høyt miljøavtrykk. Dersom tilsvarende produkter hadde blitt sendt fra en norsk nettbutikk ville en større andel blitt sendt med skip, og miljøavtrykket ville blitt mindre. Et stort antall pakker/brev må lagres, distribueres og sendes internt i Norge. UPU-ordningen gjør at Posten ikke får dekket sine kostnader, og det antas at det også har medført investeringer for Posten Norge.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Eg har presentert spørsmåla for Posten Norge AS (Posten) og svaret er delvis basert på opplysningane frå Posten.
Tollgrensa i Norge vart endra frå 200 kr ekskludert frakt til 350 kr inkludert frakt frå 1. januar 2015. Talet på lågverdi netthandelssendingar frå utlandet var relativt stabilt, med ein svak vekst i fleire år fram mot 2016. Posten opplevde så ein relativt kraftig vekst frå våren 2016 og gjennom 2017, men har i 2018 sett ein markant nedgang. Gjennomsnittleg årleg vekst i talet på netthandelssendingar frå utlandet under tollgrensa frå og med 2015 til no er mellom 8 og 9 prosent. Veksten frå midten av 2016 og i 2017 kom særleg frå Kina, og i 2017 kom drygt halvparten av total netthandelsimport under tollgrensa frå Asia. Mange vestlege land har sett ei liknande utvikling i talet på sendingar frå Kina/Asia.
Posten sine tall tyder dermed på at endringa i tollgrensa hadde liten effekt på talet på lågverdi netthandelssendingar frå utlandet. Dette vert støtta av at over 80 prosent av sendingane inneheld varer til ein verdi av under 100 kroner. Til samanlikning har PostNord i Sverige, ifølge Posten, oppgitt ein gjennomsnittleg vareverdi på 56 svenske kroner i netthandels-brevsendingar som vart tollbehandla våren 2018. Sett saman med erfaringane frå andre land er det dermed rimeleg å tru at veksten i sendingar frå utlandet frå rundt midten av 2016 og ut 2017 heng saman med utvikling av betre netthandelsløysingar og -plattformer, vareutval, forbrukarane sin kjennskap til netthandel o.l., og ikkje med endringane av tollgrensa i Norge.
Posten har ikkje opplyst om investeringar selskapet har måtta gjere eller vald å gjere som følgje av endringane av beløpsgrense.
UPU sitt regelverk inneber ei regulering av ratane («prisane») for brevdistribusjon i mottakarlandet som ofte er lågare enn tilsvarande prisar i høgkostland som Norge. Denne problemstillinga gjeld ikkje pakkeprodukt, og dermed i praksis berre lågverdi-netthandelsvarer som i dei fleste tilfelle vert sende som brevsendingar. Mellom anna på grunn av aktivt arbeid frå norsk side, vart UPU sine brevratar i 2016 vedtatt auka kvart år frå 2018 til og med 2021. Etter denne opptrappinga vil utviklingsland (der Kina vert rekna med) betale dei same ratane som industriland for distribusjon i mottakarlandet av brevsendingar som inneheld e-handelsvarer. I tillegg har Posten forhandla med ei rekkje andre postselskap og oppnådd betre ratar/prisar på ein stor del av e-handelssendingane. Ifølgje selskapet bidreg derfor netthandelsimporten av lågverdivarer positivt til å dekke felleskostnadene i det norske postnettet.