Skriftlig spørsmål fra Bjørnar Moxnes (R) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2224 (2017-2018)
Innlevert: 07.09.2018
Sendt: 10.09.2018
Besvart: 18.09.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Bjørnar Moxnes (R)

Spørsmål

Bjørnar Moxnes (R): Statens veivesen, eid av staten ved samferdselsministeren, kjøper tjenester av Traftec.
Hva tenker statsråden om å bruke selskaper som nekter de ansatte tariffavtale?

Begrunnelse

18. juni gikk sju elektromontører i bedriften Traftec på Klepp i Rogaland til streik for tariffavtale.
Traftec er et datterselskap av konsernet Roadworks og driver med installasjon og vedlikehold av elektro i vei og tunnel.
EL og IT-klubben har bedt om tariffavtale, men selskapet har motsatt seg avtale og streiken varer fremdeles.
Traftec leverer tjenester innen elektro, blant annet til Statens vegvesen i Rogaland, og har også vært engasjert med tilsvarende arbeid i forbindelse med Eiganestunnelen som er en del av Ryfast.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Denne regjeringa arbeider aktivt mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet. Saman med partane i arbeidslivet har vi utarbeidd og følgjer opp ein strategi for eit seriøst og godt arbeidsliv.
Eg er opptatt av at alle våre innkjøp er i samsvar med regelverket for offentlege innkjøp og at alle verksemder som vi kjøper tenester av, følgjer spelereglane i arbeidslivet.
Når det gjeld tenestekontraktar og bygg- og anleggskontraktar stiller Statens vegvesen krav om lønns- og arbeidsvilkår til sine kontraktspartar. Krava gjer at lønns- og arbeidsvilkår minst skal vere på nivå med gjeldande forskrifter om allmenngjort tariffavtale eller landsdekkande tariffavtale for vedkommande bransje. Uavhengig av om verksemda sjølv er bundet av ei tariffavtale, vil desse krava knytta til lønns- og arbeidsvilkår gjelde. Eit krav om at verksemdene skal ha tariffavtale vil i seg sjøl ikkje hindre sosial dumping da lønns- og arbeidsvilkåra gjerne vil vere avtalt ut i frå til dømes heimlandets normer.
Det kan også føyast til at om ei verksemd har tariffavtale eller ikkje, inngår i vurderinga når Statens vegvesen gjer risikoanalyser for å motverke sosial dumping. Verksemder utan tariffavtale medfører høgare risiko samanlikna med verksemder med tariffavtale, noko som bl.a. vil påverke oppfølginga av lønns- og arbeidsvilkår mht. kontrollfrekvens og omfang.
Nemde krav og rutiner i Statens vegvesen er i tråd med Seriøsitetsbestemmingane før bygg- og anleggskontraktar, utarbeidd av BNL, Fellesforbundet, KS og Difi.