Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:225 (2018-2019) Innlevert: 25.10.2018 Sendt: 25.10.2018 Besvart: 31.10.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale
Audun Lysbakken (SV): I Bergens Tidende 14. oktober presenteres to nye muligheter for heving av ubåten med store mengder kvikksølv utenfor Fedje. Ubåten er en stor forurensningstrussel og man bør undersøke de muligheter man har til å få fjernet trusselen. Jeg vil derfor spørre statsråden om han har vurdert de nye hevingsalternativene som har kommet opp, eller om han vil gjøre det?
Jon Georg Dale: Regjeringa sitt mål er å sikre ei miljømessig trygg og forsvarleg handtering av kvikksølvforureininga i og ved vraket av U-864. Dette inneber at miljøtiltak for U-864 skal hindra framtidig kvikksølvforureining frå lasta og den allereie forureina havbotnen. Samtidig må det medføre minst mogleg risiko for ytterlegare forureining å gjennomføre tiltaket. Det er to grunnar til at regjeringa foreslår tildekking i forslag til statsbudsjett for 2019, jf. Prop. 1 S (2018-2019). For det fyrste har geoteknikarar no konstatert at støttefyllinga frå 2016 har stabilisert seg, slik at ein kan gå vidare med oppstart av miljøtiltak. Den andre grunnen, og grunnen til at vi går for tildekkingsalternativet, er undersøkinga frå 2014 som viste at ei eventuell heving av lasta vil vera ein svært risikabel operasjon. Ein oppstart i 2019 av arbeidet med miljøtiltak for U-864 krev budsjettløyving, og det er difor naturleg at saka vert lagt fram i statsbudsjettet for 2019.Regjeringa Stoltenberg II gjekk i 2009 inn for å heva vraket. Etter ei ekstern kvalitetssikring av det aktuelle prosjektet gjorde Regjeringa Stoltenberg II så framlegg i Prop. 81 S (2009-2010) om ei grundigare utgreiing av heving. For å sikra at ein etter denne utgreiinga hadde minst eitt forsvarleg alternativ, blei det òg gjort framlegg om å utgreie tildekking og alternativ som kombinerte heving og tildekking.Kystverket gjennomførte på denne bakgrunnen ei utgreiing i 2010-2011 av ulike konsept for miljøtiltak (konseptvalutgreiing – KVU) som òg omfatta hevingsalternativ. I handsaminga av revidert nasjonalbudsjett for 2012 slutta Stortinget seg til at ein skulle gå vidare med forprosjektering av to av dei alternativa som var vurdert i konseptvalutgreiinga. Dette var alternativet med tildekking av vraket og forureina havbotn og alternativet med heving av last og etterfølgjande tildekking.Kystverket leverte forprosjekt for dei to alternativa våren 2014. I arbeidet med forprosjekta la Kystverket vekt på å få ny kunnskap om vraket og lasta. I 2014 blei det mudra tilgang til styrbord side av kjølen på akterseksjonen av vraket, for å undersøkje tilstanden til kvikksølvbehaldarane. Dei to romma i kjølen ein fekk tilgang til var tomme for kvikksølvlast. Kystverket la òg vekt på å nytte kompetansen i offshore-/ subsea-miljøet for å vurdere metodar og utstyr for heving av last. Kystverket tilrådde tildekking med reine massar av både vraket med last og havbotn kring vraket. Kystverket vurderer at denne løysinga har lågast miljørisiko under gjennomføringa av tiltaket og at ho vil sikra like god miljøkvalitet ved vraket som det typiske for nordlege del av Nordsjøen. Når regjeringa i Prop. 1 S (2018-2019) for Samferdselsdepartementet går inn for tildekking, er det lagt vekt på at Kystverket, med bistand frå ei lang rekkje fagmiljø og ut i frå vurderingar av miljørisiko, har gitt ei klår tilråding om dette tiltaket. Som omtala er det òg lagt vekt på erfaringar frå Kystverket sine undersøkingar av vraket i 2014. Dei viste at arbeid på og nede i den sterkt forureina havbotnen ved vraket, noko som er naudsynt dersom ein skulle heva kvikksølv, vil virvle opp og spreie forureininga. Regjeringa har òg lagt vekt på erfaringar frå arbeidet med støttefyllinga i 2016 for å stabilisera den rasutsette skråninga ved vraket. Etableringa av støttefyllinga er i prinsippet same type operasjon som å etablere ei tildekking, og arbeida i 2016 viste at ein kan etablere ei tildekking med kjend og vel utprøvd teknologi, og utan spreiing av forureininga. Den grunnleggjande utfordringa er at dei to hovudvrakdelane som kan ha kvikksølvbehaldarar stua i den ytre kjølen, baug- og akterseksjonen, begge ligg med kjølen nede i sterkt forureina havbotn. Om ein skal heve vrakdelane med last, må ein gjere arbeid på og nede i den forureina havbotnen, noko som vil føre til at ein virvlar opp og spreier forureina sediment utanfor det allereie forureina området kring vraket. Dette har vi allereie erfaring med frå undersøkingane av vraket i 2014. Som nemnt er målet med miljøtiltak for vraket av U-864 å sikre ei trygg og forsvarleg handtering av kvikksølvforureininga. Difor går regjeringa inn for tildekking av vraket og den forureina havbotnen kring vraket.