Skriftlig spørsmål fra Kirsti Leirtrø (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:513 (2018-2019)
Innlevert: 04.12.2018
Sendt: 05.12.2018
Besvart: 12.12.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Kirsti Leirtrø (A)

Spørsmål

Kirsti Leirtrø (A): I Grane kommune i Nordland har de nå i over et år betalt bompenger for en viktig utbedring av E6 som likevel ikke skjer.
Mener Frps samferdselsminister at dette er god bompengepolitikk?

Begrunnelse

I 2013 gikk Frp til valg på at bompengeordningen skulle avskaffes. Ifølge Statens Vegvesen var det i fjor høst 60 flere bomstasjoner på norske veier enn det var da Frp og Høyre overtok regjeringsmakten. Og flere skal det bli. I Nasjonal transportplan for 2018-2020 legger regjeringen opp til å kreve inn 10,9 milliarder kroner hvert år i bompenger, noe som er ny rekord. Frp har ved flere anledninger fastholdt at bompengeinnkreving skal knyttes til vegprosjektene.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Eg vil vise til at E6 Helgeland sør omfattar to delprosjekt, ein vegutviklingskontrakt som opphaveleg omfatta sju delstrekningar, og prosjektet Kappskarmo – Brattåsen – Lien der tradisjonelle konkurranseformer blir nytta, jf. Prop. 148 S (2014-2015).
Anleggsarbeida på vegutviklingskontrakten starta i mai 2017. På prosjektet Kappskarmo – Brattåsen – Lien starta anleggsarbeida på delstrekningen Kappskamo – Brattåsen – Svenningelv i august 2018. Kostnadene for vegutviklingskontrakten vart høgare enn føresett, og i samband med detaljprosjekteringa av strekningen vidare frå Svenningelv til Lien er det avdekka vanskelege grunnforhold. Den siste kostnadsgjennomgangen til Statens vegvesen inneber derfor at prognosen for sluttkostnad er auka med om lag 860 mill. kr ut over fastsett styringsramme og om lag 390 mill. kr ut over fastsett kostnadsramme for prosjektet. I forhold til det som er lagt til grunn i Prop. 1 S (2018-2019), er prognosen for sluttkostnad auka med om lag 490 mill. kr. Dette viser at kostnadsstyringa i vegprosjekt framleis kan betrast.
Som omtalt i Prop. 148 S (2014-2015), er både E6 Helgeland nord og E6 Helgeland sør meir fleksible enn enkeltprosjekt ved at omfanget av utbygginga som inngår i vegutviklingskontraktane, kan tilpassast økonomiske rammer. Det er lagt opp til at utbygginga kan styrast mot ein fastsett sluttsum ved å bruke opsjonsvilkår i kontraktane. For E6 Helgeland sør var dei to sørlegaste delstrekningane slike opsjonstrekningar som kunne takast ut av kontrakten dersom dette skulle bli nødvendig. Statens vegvesen har dessverre sett det nødvendig å gjere dette.
Sjølv om opsjonsstrekningane Trøndelag grense – Majahaugen (4,2 km) og Flyum – Kappfjellia (5,5 km) er tatt ut av prosjektet, blir det gjennomført ei omfattande utbygging av E6 i Grane kommune. Eg viser i den samanhengen til at av dei resterande om lag 70 km som skal utbetrast/byggjast om, ligg om lag 40 km i Grane kommune. Bompengane som er samla inn vil vere med å finansiere denne utbygginga.
Regjeringa vil utover dette halde fram sitt arbeid for å redusere bompengane.