Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:704 (2018-2019) Innlevert: 10.01.2019 Sendt: 10.01.2019 Besvart: 17.01.2019 av finansminister Siv Jensen
Geir Pollestad (Sp): Meiner finansministeren at det er positivt at eit utanlandsk konsern vert eine-eigar av Oslo børs og kva verkemiddel har statsråden til å stanse oppkjøpet om departementet ynskjer det?
Siv Jensen: Oslo Børs ASA har løyve frå Finansdepartementet til å drive børsverksemd og drive regulert marknadsplass. Børsen har ei særs viktig rolle i det norske finansielle systemet ved å sikre ein god og effektiv kapitaltilgang til norske verksemder og i næringar som betyr mye for norsk økonomi. Verdipapirsentralen (VPS) er ein sentral del av konsernet Oslo Børs VPS. VPS er det norske eigarregisteret for verdipapir, og fungerer og som rettsvernregister og som del av skatterapporteringa i Noreg. Eigarkontroll i børs er regulert av verdipapirhandelloven § 13-3. Det følgjer av loven at erverv som fører til at ervervaren vert eigar av ein betydeleg eigardel (direkte eller indirekte eigardel på 10 prosent eller meir), krev løyve frå Finansdepartementet. Det følgjer vidare av verdipapirhandelloven § 13-3 at tillating til erverv berre kan gjevast når ervervaren synast eigna til å sikre ein god og fornuftig forvalting av føretaket. Ved denne vurderinga skal det mellom anna leggjast vekt på«erververens tilgjengelige økonomiske ressurser og hensynet til forsvarlig virksomhet»og«om eierskapet vil kunne føre til uønskede virkninger for finansmarkedenes virkemåte, eller børsens evne til å betjene det norske kapitalmarkedet».Verdipapirforskriften § 13-15 har reglar om fristar for saksbehandlinga av søknad om tillating til kjøp av betydeleg eigardel i børs. Det følgjer mellom anna at Finanstilsynet så raskt som mogleg skal bekrefte å ha motteke søknad om løyve etter verdipapirhandelloven § 13-3 fyrste ledd. Søknaden skal avgjerast innan 4 månader etter at Finanstilsynet har bekrefta mottak av søknaden. Eigarskapet i eit selskap kan over tid vere av betyding for konkurransekraft og verdiskaping. Kva som er ein god samansetjing av verksemd og eigarar, vil mellom anna variere med utvikling i marknader og ei verksemd si utvikling og karakter. I tråd med dette ser vi at eigarstrukturar vert endra over tid. Eg vil vere varsam med å forsøke å fastslå kva slags eigarskap som er mest veleigna for Oslo Børs. Det avgjerande er at eigar må helde fram med å utvikle og styrke både Oslo Børs som kapitalmarknad og dei viktige samfunnsfunksjonane i VPS.