Skriftlig spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til forsknings- og høyere utdanningsministeren

Dokument nr. 15:721 (2018-2019)
Innlevert: 11.01.2019
Sendt: 11.01.2019
Besvart: 18.01.2019 av forsknings- og høyere utdanningsminister Iselin Nybø

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Kor mange desentraliserte sjukepleiarutdanningar er lagt ned sidan 2013, kor mange er oppretta og kor mange blir vurdert lagt ned eller oppretta i næraste framtid - og har regjeringa ein plan for å sikre distriktskommunar og lokalsjukehus betre rekruttering av sjukepleiarar ved å auke tilboda av desentraliserte sjukepleiarutdannningar der ein kan utdanne seg til sjukepleiar i vaksen alder gjennom tilpassa og tilrettelagde utdanningsløp?

Begrunnelse

Desentralisert utdanning er eit heilt konkret og verksamt verkemiddel for å styrke rekrutteringa av både lærarar, legar, sjukepleiarar og andre viktige profesjonar til kommunar og sjukehus i distrikta. Sjukepleiarmangel er i dag ei stor utfordring. Desentraliserte sjukepleiarutdanningar er eit kjærkoment tiltak i helsevesenet, men mange opplever at slike tilbod vert lagt ned og det er tilsynelatande liten vilje til å opprette fleire.