Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:898 (2018-2019) Innlevert: 05.02.2019 Sendt: 06.02.2019 Besvart: 14.02.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale
Arne Nævra (SV): Tromsø kommune og Troms fylkeskommune har gjort alle nødvendige vedtak for å komme i gang med forhandlingene med staten om en byvekstavtale for Tromsø. En slik avtale vil vere helt nødvendig for å løse trafikk- og miljøutfordringene i Tromsø.Når vil statsråden ta initiativ til å starte forhandlingane med Tromsø kommune og Troms fylkeskommune om ein byvekstavtale?
Jon Georg Dale: Som det går fram av Meld. St. 33 (2016-2017) Nasjonal transportplan 2018-2029 skal det forhandlast om byvekstavtaler for ni byområde. Tromsø er blant dei ni. Det pågår no reforhandlingar i dei fire største byområda, mens det ikkje er starta forhandlingar i dei fem mindre.Det føreligg eit fagleg grunnlag for ein bompengeproposisjon samt naudsynte lokalpolitiske vedtak for Tenk Tromsø. Det er og gjennomført ekstern kvalitetssikring (KS2) for bypakka. Regjeringa vil no gjere sine vurderingar av saka. Det er naturleg at framdrifta på forhandlingar om byvekstavtalen og bompengeproposisjonen vert sett i samanheng.