Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:920 (2018-2019) Innlevert: 07.02.2019 Sendt: 08.02.2019 Besvart: 15.02.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale
Audun Lysbakken (SV): Det har de siste ukene vært en rekke innstilte avganger på fergesambandet Halhjem-Sandvikvåg etter at Torghatten overtok ansvaret i januar. I anbudsprosessen ble pris vektlagt 80 prosent og miljø 20 prosent.Ser statsråden at kaoset på dette fergesambandet kunne vært unngått dersom kvalitet var vektet høyere i anbudsrunden og hva vil statsråden gjøre for å sikre at det blir forutsigbar fergedrift på strekningen?
Jon Georg Dale: Konkurranse om drift av riksvegferjesambandet E39 Halhjem-Sandvikvåg vart kunngjort i DOFFIN 29. februar 2016, tilboda vart innleverte 16. august 2016. Vegdirektoratet meiner at tilbudet frå Torghatten Nord AS var truverdig, reiarlaget seriøst og bygging av dei fem fartøya blei spredd på fleire verft. Kontrakt vart inngått 1. november 2016. Dette gav ferjeselskapet om lag to år i byggetid for nye ferjer, noko Statens vegvesen vurderte som tilstrekkeleg lang nok tid. Eg forventar at selskap som forpliktar seg gjennom avtaler med staten faktisk leverer tenestene som er grunnlaget for at dei vinn konkurransane. I motsett fall er det i dette tilfelle opp til Statens vegvesen å sanksjonere ovanfor selskapet. Vekting av kvalitet på planlagt leveranse av nye fartøy ville ikkje slått negativt ut for vinnaren av denne konkurransen. Ut frå Torghatten Nord AS sin framdriftsplan og kontrakt med verfta skulle dei fem nye ferjene vore leverte hausten 2018, dvs. i god tid før oppstart. Forseinkingane skuldast at det har oppstått tekniske utfordringar under bygging av ferjene.Dei nye ferjene vil gi reduserte utslepp samanlikna med eksisterande ferjeflåten. Sambandet hadde ein planlagt produksjon på 2 600 avgangar i januar. I perioden 1.-15. januar var det 154 kansellerte turar, og regulariteten var på 87,7 pst. I perioden 16.-31. januar var det berre seks kansellerte turar, og regulariteten auka til 99,55 pst. Dette viser at etter ein svært dårleg oppstart, har drifta stabilisert seg på eit mykje høgare nivå mot slutten av månaden. Torghatten Nord AS har opplyst at dei nye ferjene vil bli leverte i løpet av februar. Dette vil gi ytterlegare betring av regulariteten.